Startar heilautomatisert munnbindfabrikk
NY FABRIKK: Saman med fleire andre investorar i Sykkylven står Lars Einar Riksheim bak satsinga på ein ny fabrikk, som skal lage kirurgiske munnbind.
Nytt

Startar heilautomatisert munnbindfabrikk

I deler av lokala til den tidlegare møbelprodusenten Hjellegjerde skal det løpet av to-tre veker vere klart til produksjon av kirurgiske munnbind.

21.05.2020
Den nyskipa Sykkylvs-bedrifta Smittevernproduksjon har nettopp vunne oppdraget med å produsere 20 millionar kirurgiske munnbind for Helse Sør-Øst HF og Sykehusinnkjøp HF. Det melder selskapet i ei pressemelding. Munnbinda skal brukast på sjukehus og i kommunale helsetenester.
Produksjonen blir heilautomatisk, og i første omgang er planen på starte med 6-8 tilsette, seier medeigar og ein av initiativtakarane, produkt- og marknadssjef Lars Einar Riksheim i Amatec.
Jobben med å produserer 20 millionar munnbind vil gi arbeid i 60 veker, men målet til Smittevernproduksjon er å bli ein varig aktør. Ifølgje Riksheim kjem det fleire oppdrag ut i marknaden Han håpar og at erfaringane frå då koronepidemien kom i vinter gjer at styresmaktene ser verdien av å ha ein større norsk produksjon av smittevernutstyr.

7-8 millionar

Investeringane i den nye fabrikken er på 7-8 millionar kroner.
Munnbinda blir produsert i tre lag, der laget i midten stoppar virus og bakteriar. I Sykkylven blir stoffa sveisa saman og munnbinda kjem ut ferdig pakka.
Sjølve stoffa til munnbinda skal importerast. Stoffet til midtlaget i munnbindet er vansklegast å få tak i. Skulle også det produserast i Noreg, er det snakk om ei investering i maskiner på 40-50 millionar krone. Det står ikkje på planen no, i følgje Riksheim.
Riksheim har med seg fleire lokale investorar i satsing på munnbindproduksjon. Dei største er Steinar Fet (dagleg leiar i Amatec), Leif Jarle Aure, Kristin Emdal og Kjell Jarle Furnes.
Amatec starta som leverandør av symaskiner til ein stor trikotasje- og konfeksjonsindustri, pluss til skofabrikkar og til systovene til møbelfabrikkane. I dag er dei fleste av desse kundane borte med automasjonsavdelinga si har bedrifta sikra seg eit nytt bein å stå på.

Publisert: 21.05.2020 21:24

Sist oppdatert: 26.03.2021 07:58