Startar ny møbelbedrift
Sykkylven Stål satsar på utemøblar.
Gjennom datterselskapet Dynoform, som blei etablert i desember 2020, har Sykkylven Stål-konsernet lansert ein serie utemøblar - Ario - for privatkundar, designa for Dynoform av møbeldesignar Jarle Slyngstad i Sykkylven.
Selskapet har inngått ein avtale med møbelkjeda Skeidar og modellane er på veg ut i butikkane. Selskapet har og interesse frå potensielle kundar i Sverige, fortel eksportsjef Ranveig M. Fagerli i Sykkylven Stål og Dynoform.
Merkevare-satsing
Sykkylven Stål har i fleire år arbeidd for å utvikle eigne merkevarer og nå direkte ut til forbrukarar og sluttkundar i bedriftsmarknaden.
Poenget er mellom anna å få fleire bein å stå på, i tillegg til å lage komponentar til industribedrifter som Jets, Kongsberg og Sperre.
Dynoform-satsinga er ein del av denne strategien.
Skulemøblar og stol-rammer
Sykkylven Stål lagar både skulemøblar, samanleggbare veggfesta senger (Pullmann bed) og ikkje minst komplette kvilestolkonsept som blant andre både Stordal Møbel og Brunstad bygger kvilestolar rundt.
Det er den ramma som blant anna gjer at stolryggen og setet flyttar seg synkront nå ryggen blir vippa bakover.
Den patenterte løysinga er no også å finne i ein stol som blir seld i møbelkjeda Bolia.
Koronapandemien bremsa, men stogga ikkje, satsinga på eksport for den patenterte rammeløysinga.
Berekraft
I utemøbelsatsinga legg Dynoform/Sykkylven Stål stor vekt på berekraft.
Møblane er bygd for å vare lenge, skal kunne reparerast og kundane skal få nye delar gjennom butikkane om møblane blir skadd.
All produksjon skjer hos underleverandørar i Noreg, mellom anna hos Møbeltre i Sykkylven. Aluminiumsbein og rammer blir produserte hos Sykkylven Stål, der møblane også blir montert.
Publisert: 07.04.2021 15:58
Sist oppdatert: 02.06.2021 15:21