Startar nynorsk bedriftsforum
Ulstein Group er ein av stiftarane.
– I alle deler av næringslivet finst der nynorskbedrifter som dagleg forvaltar og vidareutviklar nynorsk som fagspråk og næringslivsspråk. Å ha eit nettverk der vi deler erfaringar og utvekslar kunnskap vil gi oss ein nyttig «ressursbank». Vi vil kunne jobbe saman for løysingar som gjer nynorsken mindre ressurskrevjande og meir attraktiv, seier Synnøve Kleiven frå Ulstein Group i ei pressemelding om etableringa av Nynorsk bedriftsforum.
Kleiven blir eitt av styremedlemane i den nye medlemsorganisasjonen, som skal ha skipingsmøte i morgon, tysdag 15. november.
Problem med søkjemotorar
Monika Haanes Waagan er initiativtakar og dagleg leiar i den nye organisasjonen.
Ho driv selskapet Akka, som lagar nettsider for bedrifter.
Haanes Waagan peikar på internasjonale søkemotorar som ei av dei store utfordringane for bedrifter som brukar nynorsk, fordi algoritmane er sett opp slik at nettsider og marknadsføring på nynorsk gir færre treff enn om bokmål blir brukt.
Omdømme
Intitiatitativtakarane til Nynorsk bedriftsforum har snakka med omlag 30 moglege medlemsbedrifter før etableringa av forumet.
Dei svarar at det ofte både dyrare, vanskelegare og meir tidkrevjande å vere nynorskbedrift enn bokmålsbedrift. Likevel vel dei å bruke nynorsk, seier Haanes Waagen til NETT NO.
Grunngjenving er mellom anna at det handlar om identitet og omdømmebygging i samfunnet dei er ein del av, seier ho.
Mafoss er med
I tillegg til Ulstein Group og Akka er det fire andre medskiparar til Nynorsk Bedriftforum; programvareselskapet Nynodata, Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS), Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Styreleiar blir Jan Thormosæther i Mafoss. Med seg i styret får han Synnøve Kleiven frå Ulstein Group, dagleg leiar Inger Sundnes frå Alti Ørsta, næringsllivsansvarleg Anders Riise i Noregs Mållag og Svein Olav Langåker frå Landslaget for nynorskkommunar.
Publisert: 14.11.2022 11:30
Sist oppdatert: 14.11.2022 11:30