Startar nytt Sjoebua selskap
KAN FÅ NYTT LIV: Nytt restaurantselskap er etablert.
Nytt

Startar nytt Sjøbua-selskap

Hege og Helge Jan Breivik Farstad etablerer Sjøbua Restauranthus.

22.04.2020

Då koronakrisa kom blei det kroken på døra for Sjøbua Restaurant. No kan det bli eit comeback.

- Hadde ikkje koronaen kome så hadde vi klart dette, sa Helge Jan Brevik Farstad til NETT NO 30. mars i år.

Les også: Korona knekte Sjøbua

12. mars, då regjeringa stengte skular, barnehagar, ei rekkje verksemder og innførte strenge restriksjonar kom avbestillingane på løpande band både for mars og april.

Hege og Helge Jan Breivik Farstad tok over den tradisjonsrike sjømatrestauranten i fjor haust.

Hege Breivik Farstad er dagleg leiar i Sjøbua Restauranthus. Ho seier selskapet er etablert for å kunne starte ny restaurantdrift, men at avgjerda om det blir ein ny start er ikkje teken enno.

Då Breivik Farstad tok over drifta av Sjøbua i fjor haust kjøpte dei også lokala til restauranten. Det eigarskapet er ikkje omfatta av konkursen i Sjøbua as i mars.


Publisert: 22.04.2020 22:40

Sist oppdatert: 20.02.2023 13:29