Nytt
Startar nytt strikkeselskap
Eit nytt selskap skal stå for drifta av strikkesenterert i Sykkylven.
16.01.2018
Møre og Romsdal fylkeskommune (38 prosent) og Ekorneskonsernet (9,5 prosent) sitt eigarskap i kompetansenteret Møbelkraft i Sykkylven, gjer det vanskeleg for senteret å få støtte frå det offentlege virkemiddelapparatet til satsinga på 3D-strikking.
Med dei to store aktørane på eigarsida fell strikkesenteret utanfor reglane som gir støtte til mindre foretak.
Saman med selskapet Amatec i Sykkylven har Møbelkraft stått i spissen for å bygge opp eit tilbod til bedrifter som vil ta i bruk ny strikketeknologi. Poenget er å finne ut om teknologien kan takast i bruk både av tradisjonell strikkeindustri og i heilt andre bransjar.
Men manglande tilgang på finansiering av utviklings- og kompetansebyggingsprosjekt har forseinka framdrifta, i følgje Lars Einar Riksheim i Amatec.
Målet er å få inn ein aksjekapital på ein halv million kroner, fordelt på fleire aksjonærar.
Med dei to store aktørane på eigarsida fell strikkesenteret utanfor reglane som gir støtte til mindre foretak.
Saman med selskapet Amatec i Sykkylven har Møbelkraft stått i spissen for å bygge opp eit tilbod til bedrifter som vil ta i bruk ny strikketeknologi. Poenget er å finne ut om teknologien kan takast i bruk både av tradisjonell strikkeindustri og i heilt andre bransjar.
Utstyret på plass
Utstyret til strikkesenteret var på plass i fjor haust, og er tatt i bruk.Men manglande tilgang på finansiering av utviklings- og kompetansebyggingsprosjekt har forseinka framdrifta, i følgje Lars Einar Riksheim i Amatec.
Lagar nytt selskap
For å tilpasse seg regelverket er det nettopp etablert eit heilt nytt selskap, 3D Knitting & Technology as.Målet er å få inn ein aksjekapital på ein halv million kroner, fordelt på fleire aksjonærar.
Publisert: 16.01.2018 15:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17