Startar nytt vindmoelleselskap etter konkurs
NY START: Bjørn Helset (t.v) har mellom anna montert vindmølle hos Olav Kilsti i Eidsdal. Etter konkursen i Wind Energy Nordic har han starta nytt vindmølleselskap, Wenas.
Nytt

Startar nytt vindmølleselskap etter konkurs

Bjørn Helset er i gang med nytt vindmølleselskap etter konkursen i Wind Energy Nordic.

02.01.2015
Selskapet Wenas blei skipa 13. november 2014, med Bjørn og Severin Helset som like store eigarar.
Bjørn Helset seier selskapet har distribusjonsavtalar for små vindturbinanlegg (populært kalla vindmølleanlegg) både i Noreg og Spania, og er mellom anna i ferd med å montere eit vindmølleanlegg ved Rørservice sitt nybygg i Ulsteinvik.
Marknaden er gardsbruk, industri- og kontoranlegg. Poenget er at eigarane kan skaffe straum til eige forbruk, og eventuelt selge overskotkraft ut i marknaden.

Usemje mellom eigarane

I følgje Helset gjorde usemje om strategiske val mellom eigarane i Wind Energy Nordic at det ikkje blei funne ei løysing på dei økonomiske problema i selskapet. Det førte til at skattestyresmaktene ba om oppbod, og konkursen blei opna 22. desember 2014.
Dei siste tilgjengelege rekneskapstala er frå 2012. Då var resultatet før skatt på minus 1,1 millionar kroner av ei omsetning på knappe 0,7 millionar.

Satsa på vind

Etter at han selde ut sin andel i IT-selskapet Ezembra, med ein gevinst på rundt 2,5 millioner kroner ved årskiftet 2009/2010, har Helset satsa på vind.

Bjørn Helset var grunnleggar, dagleg leiar og ein av medeigarane i Wind Energy Nordic i Ørsta. Hittil har han brukt 1,5 millioner kroner av gevinsten frå Ezembra-salet på vindkraftsatsinga, sa Helset til NETT NO for eitt år sidan.
På det tidspunktet hadde han seld 18 anlegg og sa selskapet framleis var i ein oppbyggingsfase.

Ikkje i mål

Men Wind Energy Nordic kom ikkje over kneika. Første skiftesamling er 30. januar.

Bjørn og Severin Helset eigde 26,5 prosent kvar av Wind Energy Nordic. Resten av aksjane var fordelt på fire aksjonærar; Krutthuset (Arvid Strand i Trondheim), Risbergskogene (Øyvind Jørgen B. Risberg i Oslo), Marchfirst Norway (Christian Wessel og Petter M. Andresen i Oslo) og Trond Ness-Briskeby på Nordfjordeid.

Fallande interesse

Avdelingsleiar for fornybar energi i miljøstiftelsen Zero, Einar Wilhelmsen, sa til NETT NO i fjor at mikrovindkraft-anlegg er lite utbreidd i Noreg, medan dei er vanlege i Danmark. Der er det mange bønder som har slike anlegg på gardane sine.
Trond Ryslett, tidlegare leiar i Småkraftforeningen, ein bransjeorganisasjon for utbyggarar av små kraftanlegg, sa utviklinga i kraftprisen har dempa interessa for vindkraft. På Småkraftdagane kom det over 30 personar for å høyre på foredrag om vindkraft i 2011. Året etter kunne tilhøyrarane samle seg rundt eitt bord. I fjor var ikkje vindkraft med på programmet.

Publisert: 02.01.2015 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39