Waterline montasje foto waterline 11
STARTAR MÅNDAG: Fiskeforedlingsbedrifta måtte stoppe produksjonen etter at fleire av dei tilsette var kororonasmitta i eit utbrot som blei oppdaga for om lag halvanna veke sidan. Foto: Waterline
Nytt

Startar opp att etter smitteutbrot

Dei tilsette ved fiskeforedlingsbedrifta i Sula kan køyre i gong produksjonen att. Dagleg leiar er imponert over kor proft utbrotet er handtert.

Marius Rosbach
15.02.2021

For halvanna veke sidan hamna fiskeforedlingsbedrifta Waterline i det som for mange bedriftsleiarar truleg fortonar seg som eit mareritt; fleire tilsette var koronasmitta og alt arbeid måtte settast på vent.

Men når det først gjekk galt, fortel dagleg leiar Karl Johan Dybvik at handteringa har vore god.

– Det har vore veldig profesjonelt i alle ledd. Spesielt med tanke på oppfølging av smittesporing og samarbeidet med kommuneoverlegane i dei ulike kommunane. Vi har følt at det har vore ein trygg prosess, fortel han til NETT NO.

Startar opp att produksjonen
Produksjonen har vore stansa i samband med at alle tilsette måtte i karantene, eller var smitte. Måndag blir arbeidet starta opp att.

– Vi køyrer i gong i frå i dag. Vi har kontroll på situasjonen og dei fleste gjekk ut av karantene før helga, fortel Dybvik.

Watrerline leverer ulike type frysevarer av fisk og sjømat, og gjer alt frå filetering, røyking og pakking sjølve. Eidsnes-bedrifta har i liten grad vore råka av koronapandemien til no.

– Har det etter forholda bra
Det er framleis nokre tilsette som er i karantene, og bedrifta har dialog med kommunen om vegen vidare.

– Det er kommuneoverlegen som i samråd med dei tilsette, bestemmer når dei kan gå tilbake på arbeid, fortel bedriftsleiaren.

Ingen av dei tilsette som er smitta, er blitt alvorleg sjuke, ifølgje Dybvik som har jamleg kontakt med dei.

– Når det gjeld symptom, så er det stort sett litt forkjøling, medan nokre har miste smak- og luktesans, men dei har det etter forholda bra, fortel han.

Ifølge siste statusoppdatering frå søndag er det no fire smitta i isolasjon og sju persopnar i karantene, får NETT NO opplyst av Sula kommune.

Ny smitta i Ålesund etter jobbreise
Ålesund kommune melde måndag om at ein ny person heimehøyrande i kommunen er koronasmitta. Personen har vore på jobboppdrag i utlandet, og testa positivt ved grensepassering fredag.

– Smittesporing er ferdig og personen blir følgt opp av lokalt personell og fastlege. Personen er smitta i utlandet og det er ikkje mistanke om vidare smitte etter grensepassering, opplyser kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen i ei statusoppdatering på heimesida til kommunen.

Les også: Smitteutbrot i fiskeforedlingsbedrift

Mistanke om covid-19-smitte hos Vard

Framleis streng grensekontroll til Noreg

Politiet har ingen mistanke om falske papir

Publisert: 15.02.2021 10:58

Sist oppdatert: 17.02.2021 11:15

Mer om