Nytt
Startar opp i Florø 10. september
10.september startar prøveproduksjonen ved Global Fish sitt nye anlegg i Florø. Selskapet vurderer også litt kvitfiskmottak.
25.08.2018
- Ja, vi ser på om vi skal ta imot litt sei. Det er ein del fangst av notsei sør for Stadt, og det er få plassar å levere fisken, så vi vurderer om vi skal opne for mottak også av sei.
Det seier dagleg leiar Geir Robin Hoddevik i Ålesund-baserte Global Fish.
- Produksjonsbygget er ferdig renovert, og vi har fått på plass alt av straum og vatn, seier Hoddevik.
På plass skal 14 filetmaskiner, pakkestasjon, rundpakkelinje, sorteringsmaskin og vakuummaskin.
- 10. september startar prøveproduksjonen av rund fisk, i praksis makrell.
- Filetanlegget er klart 1. oktober, ifølgje Optimar, seier Hoddevik.
- Ja, dette er arbeidarar som i stor grad kjem frå Baltikum.
- Dei er flyttbare, og dei fleste har takka ja til å starte opp i Florø.
Nergård-kontrollerte Lofoten Viking har nyleg overtatt 40 prosent av aksjane i Global Fish gjennom ein retta emisjon. Samstundes startar dei tre aktørane opp det felles Ålsund-baserte salsselskapet Global Fish Sales.
- Ja, dette er noko vi verkeleg har trua på.
- Her kan vi både ta imot og selje kvitfisk og pelagisk fisk, seier Hoddevik.
Bak Global Fish står Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl.
Det seier dagleg leiar Geir Robin Hoddevik i Ålesund-baserte Global Fish.
Filetanlegget klart 1. oktober
Selskapet hadde planar om bygging av eit nytt pelagisk mottak, men droppa dei planane, og overtok i staden Pelagia sitt anlegg i Gunhildvågen ved Florø.- Produksjonsbygget er ferdig renovert, og vi har fått på plass alt av straum og vatn, seier Hoddevik.
På plass skal 14 filetmaskiner, pakkestasjon, rundpakkelinje, sorteringsmaskin og vakuummaskin.
- 10. september startar prøveproduksjonen av rund fisk, i praksis makrell.
- Filetanlegget er klart 1. oktober, ifølgje Optimar, seier Hoddevik.
Flyttar arbeidarar frå Egersund
Totalt vert det rundt 45 arbeidsplassar ved anlegget. Hoddevik seier at dei fleste tilsette er tidlegare tilsette ved anlegget i Egersund.- Ja, dette er arbeidarar som i stor grad kjem frå Baltikum.
- Dei er flyttbare, og dei fleste har takka ja til å starte opp i Florø.
Nergård-kontrollerte Lofoten Viking har nyleg overtatt 40 prosent av aksjane i Global Fish gjennom ein retta emisjon. Samstundes startar dei tre aktørane opp det felles Ålsund-baserte salsselskapet Global Fish Sales.
Tre produksjonsanlegg
Med anlegg i Værøy, Senjahopen og Måløy meiner Hoddevik at dei har ei slagkraftig eining både på produksjons- og salssida.- Ja, dette er noko vi verkeleg har trua på.
- Her kan vi både ta imot og selje kvitfisk og pelagisk fisk, seier Hoddevik.
Bak Global Fish står Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl.
Dette er arbeidarar som i stor grad kjem frå Baltikum
Publisert: 25.08.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25