NPK-NTB: Dei 61 utvinningsløyva som blir tildelte gjennom konsesjonsrunden «Tildeling i førehandsdefinerte område 2020» fordeler seg på 34 i Nordsjøen, 24 i Norskehavet og 3 i Barentshavet.
– Selskapa har vist stor interesse for å få tilgang til nytt leiteareal, noko som viser at næringa har stor tru på framtidig lønnsemd frå leiting på norsk sokkel. Det er bra for staten som ressurseigar, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) i ei pressemelding.
– Det er elleve dagar sidan klimameldinga kom, og tildelinga i dag viser nøyaktig kva som er det store problemet i klimapolitikken i Noreg: den har inga styring over oljepolitikken. Det er ikkje til å forstå at regjeringa held fram med å binde oss opp til det produktet som skaper klimakrisa, seier leiar Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet.
Stor interesse
30 ulike oljeselskap, frå dei store internasjonale selskapa til mindre norske leiteselskap, får tilbod om delar i ein eller fleire av desse løyva. 18 selskap blir tilbodne eitt eller fleire operatørskap.– Selskapa har vist stor interesse for å få tilgang til nytt leiteareal, noko som viser at næringa har stor tru på framtidig lønnsemd frå leiting på norsk sokkel. Det er bra for staten som ressurseigar, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) i ei pressemelding.
Naturvernforbundet reagerer
Naturvernforbundet reagerer på at regjeringa deler ut utvinningsløyve såpass kort tid etter at klimameldinga vart lagt fram.– Det er elleve dagar sidan klimameldinga kom, og tildelinga i dag viser nøyaktig kva som er det store problemet i klimapolitikken i Noreg: den har inga styring over oljepolitikken. Det er ikkje til å forstå at regjeringa held fram med å binde oss opp til det produktet som skaper klimakrisa, seier leiar Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet.
Publisert: 19.01.2021 10:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12