- Eksporten til Brasil har stoppa heilt opp, seier Ola Øvrelid, leiar for utlån til sjømatnæringane i Sparebank1 SMN om konsekvensen av at Giek Kredittforsikring vart seld i sommar.
Årsaka er at dei har problem med å få forsikringa dei må ha for å kunne eksportere.
I august i år gjekk verdien av den norske fiskeeksporten ned samanlikna med august 2029, og vanskane med å få kredittforsikring er ein av grunnane til nedgangen, ifølgje Øvrelid.
Det uheldige no, ifølgje Øvrelid er at salet av Giek Kredittforsikring kom samstundes med koroonaepidemien. I ei slik krise, med mykje uvisse, strammar private kredittforsikringsselskapa inn på vilkåra for eksportørarar som vil forsikre seg.
Med dei små marginane som er i fiskeeksporten har fiskeeksportørane ikkje råd til å ta sjansen på å sende store parti fisk til utlandet utan å vere trygge på å få betalt.
Konsekvensen er at det blir eksportert mindre.
Han seier tiltaka staten har kome med for å sikre at dei private kredittforsikringsselskapa skal halde fram med å selje dei garantiane fiskeeksportøran vil ha ikkje har verka.
-Ingen vi pratar med har fått nokon effekt av det, seier Øvrelid.
Årsaka er at dei har problem med å få forsikringa dei må ha for å kunne eksportere.
I august i år gjekk verdien av den norske fiskeeksporten ned samanlikna med august 2029, og vanskane med å få kredittforsikring er ein av grunnane til nedgangen, ifølgje Øvrelid.
Tek mindre risiko
Ei kredittforsikringsselskap garanterer for at eksportørane får betalt for varer dei sel til utlandet, og reduserer dermed risikoen for at eksportørane skal tape pengane sine dersom kunden i utlande ikkje vil eller kan gjere opp for seg.Det uheldige no, ifølgje Øvrelid er at salet av Giek Kredittforsikring kom samstundes med koroonaepidemien. I ei slik krise, med mykje uvisse, strammar private kredittforsikringsselskapa inn på vilkåra for eksportørarar som vil forsikre seg.
Med dei små marginane som er i fiskeeksporten har fiskeeksportørane ikkje råd til å ta sjansen på å sende store parti fisk til utlandet utan å vere trygge på å få betalt.
Konsekvensen er at det blir eksportert mindre.
Staten kunne gått inn
Om Giek Kredittforsikring framleis hadde vore eigd av staten kunne staten gått inn med nye pengar og sikra at fiskeeksportørane framleis kunne forsikra seg mot tap på eksporten. Det verkemiddelet gjekk tapt med salet av Giek Kredittforsikring, ifølgje Øvrelid.Han seier tiltaka staten har kome med for å sikre at dei private kredittforsikringsselskapa skal halde fram med å selje dei garantiane fiskeeksportøran vil ha ikkje har verka.
-Ingen vi pratar med har fått nokon effekt av det, seier Øvrelid.
Eksporten til Brasil har stoppa heilt opp
Publisert: 03.09.2020 16:40
Sist oppdatert: 07.04.2021 15:48