Nytt
Statnett sel til Mørenett
Då fylkesutvalet samla seg for å diskutere kven som skulle overta linjenettet til Statnett på Nordmøre og i Romsdal, visste dei allereie at Statnett har bestemt seg for å selje til Mørenett.
05.11.2020
Statnett vil ikkje dele opp kraftnettet selskapet har i Møre og Romsdal, men selje alt til ein kjøpar. Det går fram av eit brev Statnett sende til fylkesordførar Tove-Lise Torve 2. november, og som var ein del av sakspapira til møtet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal denne veka.
Salet av kraftnettet er ein del av ei omorganisering der Statnett skal sitte att med det alle største kraftledningsnettet, «motorvegane» i kraftnettet. Det regionale nettet - «fylkesvegane» til Statnett blir seld til regionale selskap.
På Sunnmøre har Mørenett alt hand om «fylkesvegane», det som skal seljast er nettet i Romsdal og på Nordmøre.
Dermed held Statnett seg til planen om å selje til Mørenett, og ikkje til eit nytt selskap for Nordmøre og Romsdal, slik eit fleirtal av fylkesutvalet vil.
Statnett meiner mellom anna at ei oppsplitting av nettet i fylket, gjer at investeringane i Romsdal og Nordmøre må berast av innbyggjarane der åleine, medan kostnadane kan fordelast på alle Mørenett-kundane om Mørenett tek over.
Istad Nett, som dekkjer Romsdalsregionen, anslår at selskapet skal investere 60 millionar kroner årleg i nettutbygging dei neste 10 åra, mellom anna til Midsund der det er straummangel.
I staden har Mørenett invitert andre nettselskap til å slå seg saman med Mørenett.
Med unntak av ein aksjepost på 25 prosent i Svorka Energi har ikkje fylkeskommunen eigarinteresser i kraftbransjen i Møre og Romsdal.
Mørenett arbeider vidare for å få på plass avtalen med Statnett og reknar med at den er på plass i løpet av året, med atterhald om at Norges Vassdrag og Energivesen godkjenner salet. Den godkjenninga reknar Kiperberg med å ha på plass i løpet av 1. kvartal 2021.
Salet av kraftnettet er ein del av ei omorganisering der Statnett skal sitte att med det alle største kraftledningsnettet, «motorvegane» i kraftnettet. Det regionale nettet - «fylkesvegane» til Statnett blir seld til regionale selskap.
På Sunnmøre har Mørenett alt hand om «fylkesvegane», det som skal seljast er nettet i Romsdal og på Nordmøre.
Vil ha ein kjøpar
I utgangspunktet var Statnett positiv til å selje til eit nytt og samla nettselskap for heile Møre og Romsdal. Men etableringa av eit slikt lukkast ikkje.Dermed held Statnett seg til planen om å selje til Mørenett, og ikkje til eit nytt selskap for Nordmøre og Romsdal, slik eit fleirtal av fylkesutvalet vil.
Statnett meiner mellom anna at ei oppsplitting av nettet i fylket, gjer at investeringane i Romsdal og Nordmøre må berast av innbyggjarane der åleine, medan kostnadane kan fordelast på alle Mørenett-kundane om Mørenett tek over.
Istad Nett, som dekkjer Romsdalsregionen, anslår at selskapet skal investere 60 millionar kroner årleg i nettutbygging dei neste 10 åra, mellom anna til Midsund der det er straummangel.
Mørenett vil fusjonere
Mørenett er eigd av Tussa og Tafjord-konserna, og har lenge arbeidd for å samle fleire netteselskap i Møre og Romsdal. Men ikkje etter ein politisk styrt modell slik fleirtalet av fylkesutvalet legg opp til.I staden har Mørenett invitert andre nettselskap til å slå seg saman med Mørenett.
Med unntak av ein aksjepost på 25 prosent i Svorka Energi har ikkje fylkeskommunen eigarinteresser i kraftbransjen i Møre og Romsdal.
– Ikkje ei sak for fylkeskommunen
Administrerande direktør Rune Kiperberg sa til NETT NO etter fylkesutvalsmøtet onsdag at Mørenett er positive til at fylkesutvalet vil ha eitt nettselskap, med seier prosessen for korleis det skal skje er ei sak for selskapa og eigarane - og ikkje ei sak for fylkeskommunen.Mørenett arbeider vidare for å få på plass avtalen med Statnett og reknar med at den er på plass i løpet av året, med atterhald om at Norges Vassdrag og Energivesen godkjenner salet. Den godkjenninga reknar Kiperberg med å ha på plass i løpet av 1. kvartal 2021.
Publisert: 05.11.2020 16:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04