Stad skipstunnel kjøde
SKIPSTUNNEL: Statsbudsjettet blir lagt fram klokka 10.00. Planlegging av Stad skipstunnel frå 76 millionar kroner.
Nytt

Alt om budsjettet: Skipstunnelen er med

Regjeringa gir pengar til Stad Skipstunnel, men fryktar den blir over 900 millionar dyrare. Ferjene blir billegare.

06.10.2022

NETTNO/NPK:NTB:

- Eg er både glad og letta seier dagleg leiar Randi Humborstad i Måløy Vekst etter at regjeringa vil løyve 76 millionar kroner til planlegging av bygging av Stad Skipstunnel.

Signal om store utgiftskutt mellom anna i samferdselsbudsjettet skapte ny spenning om Stad Skipstunnel, men prosjektet er altså framleis med på regjeringa si prioriterinsliste.

Over 900 millionar ekstra
Då Stortinget i fjor vedtok at tunnelen skal byggast var kostnadsanslaget 4,1 milliardar kroner. I statsbudsjettframlegget for neste år reknar regjeringa at kostnaden kan bli 23 prosent, over 900 millionar kroner, høgare.

Kystverket er forseinka med å legge bygging av tunnelen ut på anbod. I følgje statsbudsjettframlegget skal oppdraget ut på anbod hausten 2023.

– Det auka kostnadsanslaget er om lag som ein kunne venta med den kostnadsutviklinga vi har sett i anleggssektoren dei siste åra. Vi vil no ta ein grundig gjennomgang av kostnadene i prosjektet, og kome tilbake til Stortinget med forslag om endra kostnads- og styringsramme for prosjektet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.

Artikkelen blir oppdatert, nyaste meldingar øverst.


Sjå finansminister Trygve Slagsvold Vedum legge fram statsbudsjettet for Stortinget klokka 10:00.

Les regjeringa sine meldingar om statsbudsjettet her

Moms på elbil: Momsfritaket ved kjøp av elbil som kostar over 500.000 kroner, er foreslått fjerna i statsbudsjettet. Dermed følgjer regjeringa opp forslaget i revidert.

I første omgang blir momsfritaket fjerna ved kjøp av elbil på den delen av kjøpesummen som overstig 500.000 kroner frå og med 1. januar. 2023.

Det betyr at bilar som kostar mindre enn 500.000 førebels fortset som før – med fullt momsfritak.

Kjøper du ein elbil med levering i år vil heile kjøpesummen framleis vere fritatt for moms.

Regjeringa foreslår også å likebehandle elbiler i firmabilskatten og å innføre full omregistreringsavgift for elbiler.

For å bevare eingongsavgifta som inntektskjelde for staten blir det foreslått ein ny vektkomponent som skal gjelde alle personbiler.

Billegare ferje: Frå august skal prisen på riks- og fylkesvegferjer bli halverte samanlikna med takstnivået i 2021, foreslår regjeringa i statsbudsjettet.

Regjeringa vil også prioritere gratis ferje for alle øysamfunn som ikkje har fastlandssamband.

Det kan bety fleire titusen spart for øybuarar, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Ein familie som tek ferja Molde-Vestnes på E39 to gonger per arbeidsdag, vil neste år betale 17.900 kroner mindre enn dei gjorde ved inngangen til 2021. Det vil gjere ein forskjell. I 2024 vil dei spare 23.100 kroner, seier han.


44 milliardar i straumstøtte: Regjeringa set av 44,7 milliardar kroner til vidareføring av straumstøtteordninga til hushald og burettslag i statsbudsjettet for neste år.

– For ein familie som bruker 22.000 kWh straum i året og bur på Austlandet, vil det kunne bety rundt 33.000 kroner i straumstøtte neste år, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Regjeringa viser til krigen i Ukraina som har bidrege til ekstraordinært høge straumprisar i delar av Noreg gjennom det siste året.

– Snart eitt år etter ser vi at det framleis er stor uvisse i energimarknadene når det gjeld kraftsituasjonen framover, og då skal folk vere trygge på at vi skal stille opp for hushalda så lenge prisane er ekstraordinært høge. Vi forlengjer derfor ordninga ut heile det neste året, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Straumstønadsordninga blir foreslått forlengt ut 2023 med ei stønadsgrad på 90 prosent frå og med desember til og med mars 2023, ei stønadsgrad på 80 prosent frå og med april til og med september 2023 og ei stønadsgrad på 90 prosent frå og med oktober til og med desember 2023. Dette gjeld også for fellesmålt hushaldsforbruk i burettslag og sameige.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet ei løyving på 44,7 milliardar kroner for 2023, som er anslag på utbetalingar under ordninga i perioden desember 2022 til november 2023. Stønad for straumforbruk i desember 2023 vil utbetalast i januar 2024 og er anslått til 2,2 milliardar kroner. Regjeringa vil fremje eit eige lovforslag for Stortinget

Aukar CO2-avgift: Regjeringa foreslår å auke CO2-avgifta med 21 prosent neste år og utvide avgifta til utslepp som til no ikkje har vore omfatta.

Planen er å trappe opp avgiftene på utslepp av klimagassar til 2.000 kroner i 2030, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa også auke omsetningskravet for biodrivstoff i vegtrafikken.

I tillegg blir det foreslått å innføre eit nytt omsetningskrav for ikkje-veggåande maskiner.

Oljepengar: Regjeringa vil bruke 316,8 milliardar oljekroner i statsbudsjettet – nedgang på 18,3 milliardar kroner.

Det kjem fram av hovudtala i regjeringsforslaget til statsbudsjettet for 2023. Hovudtala vart publisert klokka 8 torsdag, medan budsjettforslaget blir lagt fram klokka 10.

Regjeringa har ei rekkje gonger varsla at oljepengebruken må ned.

Prisveksten: Statsbudsjettet skal få bukt med den høge prisveksten og dempe oljepengebruken, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Tradisjonen tru møtte pressa opp utanfor Vedums bustad på morgonen for statsbudsjettet.

– Hovudutfordringa for mange har vore dei høge prisane, den høge prisveksten. Derfor skal vi lage eit budsjett som gjer at vi får meir kontroll på han og der vi skal dempe oljepengebruken. Høg prisvekst rammar spesielt folk med vanlege og middels inntekter, og veldig mange småbedrifter blir også ramma av det, sa Vedum til pressa.



Publisert: 06.10.2022 09:12

Sist oppdatert: 06.10.2022 11:12

Mer om