Stengde paa Grodaas held ope i O Ersta
GRODÅS: Raftevold Hotel er no stengt.
Nytt

Stengde på Grodås - held ope i Ørsta

Raftevold Hotel på Grodås er stengt. Enkelte gjestar er overførde til Hotel Ivar Aasen i Ørsta.

27.08.2020
Søndag stengde Hotel Raftevold på Grodås.
- Vi miste ein del faste gjestar, og vi valde til slutt å stenge, seier direktør Günther Dahler ved Havila Hotels.
Alle dei tilsette er permitterte.
- Vi håper å kome i gang att til sommarsesongen, men i år veit vi ikkje når sommarsesongen vil starte, og om han i det heile vil starte.

Miste gjestar

Dahler seier at ein av årsakene til at ein valde å stenge hotellet var at arbeidarar ved ulike vegprosjekt fekk besskjed om å flytte på hytte, i staden for å bu på hotell.
- Dei hadde rundt 25 prosent av roma, og når desse fall bort, såg vi ingen annan utveg enn å stenge.
- Vi har også hatt mange kanselleringar i det siste.

Widerøe-avtale

Havila Hotels eig også Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Her held ein ope inntil vidare.
- For det første har vi avtale her med Widerøe, slik at deira folk treng ein stad å bu.
- I tillegg har vi overført fleire gjestar frå Raftevold til Ørsta.

- Berre å halde seg fast

Havila Hotels har kjøpt Geiranger Hotel. Her var planen å strate opp i slutten av april.
- Dei første gjestane skulle kome i slutten av april, men desse kjem frå utlandet.
- No veit vi ikkje om desse vil kome, eller i det hile kan kome til Norge.
Dahler seier at det er ein svært vanskeleg situasjon for hotellnæringa.
- Ja, her er det berre å halde seg fast og håpe det beste.
I helga stengde også Hotel Alexandra i Geiranger.

Vi håper å kome i gang att til sommarsesongen, men i år veit vi ikkje når sommarsesongen vil starte

Publisert: 27.08.2020 12:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54