Stenger alle bankkontor
STENGT: Koronaviruset får administerande direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre til å stenge dørene til bankkontora. 
Nytt

Stenger alle bankkontor

Sparebank1 Søre Sunnmøre stengjer alle kontor på ubestemt tid på grunn av faren for koronasmitte.

25.03.2020
- Vi ser svært alvorleg på situasjonen og stenger difor alle bankkontor for fysisk besøk og møter. Banken vil likevel vere tilgjengeleg som før via telefon, e-post, chat, skype eller nettmøte, seier administrerande direktør Stig Brautaset i ei pressemelding.
Sparebanken Møre har akkurat bestemt seg for at også den stenger alle kontor og avviklar kundemøta på same vis som Sparebank1 Søre Sunnmøre, fortel Elisabeth Blomvik, som er sjef for personkundemarknaden i banken.
Sparebanken Møre har også bestemt seg for å fordele dei tilsette ut på ledige kontorplassar på dei ulike kontorstadane sine for å reduserer smittefaren og faren for at heile avdelingar blir råka.
Sparebank1 SMN går ikke like omfattande til verks som Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebanken Møre.
- Hovuddøra blir stengt for drop-in besøk, men alt som har med avtalte besøk å gjere blir gjennomført som normalt, seier Jan Rune Hurlen. Han er leiar for næringslivsmarknaden i Sparebank1 SMN på Sunnmøre.
DNB har lagt seg på ei liknande line.
- Vi stenger hovuddøra for drop-in besøk og vi gjennomfører møter som vi vurderer som svært viktige. Primært tek vi møte på telefon, seier leiar for DNB Sunnmøre, Bernt Skjong.
Iselin Håberg Giskeødegård, leiar for privatmarknad i Nordea på Nordvestlandet, seier banken har ei løpande vurderinga av tiltak. Pr. i kveld er tiltaka at kundar blir varsle med plakatar på inngangsdørene der dei før spørsmål om dei har smitte, har vore i områder i utlandet i området med mykje smitte eller har influensaliknande symptom. Er svaret ja å eitt av spørsmåla blir dei bedt om å ta kontakt med telefon eller chattetenester. Banken ringer også dei som har avtaler og stiller dei same spørsmåla.

Publisert: 25.03.2020 09:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54