Fylkesveg 61 ved Sulesund opnar truleg ikkje for trafikk før fredag, ifølgje Staten vegvesen.
Vegen har vore stengt grunna jord- og steinras førre helg, nok som har gitt store og pendlarar.
Også ferja mellom Hareid og Sulesund har vore nøydd til å legge om ruta, og segler no til Solavågen, i staden for Sulesund. Framleis er det usikkert når vegen opnar.
– Det går ei høgspentleidning gjennom området som Møre-Nett har jobba med å kople ut for at det skal vere mogleg å jobbe i skredløpet. Store mengder lausmasser har gjort det vanskeleg å belte gravemaskin opp skråninga for å starte ryddinga, heiter det i ei melding frå vegvesenet onsdag ettermiddag.
Byggeleiar Grete Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune fortel at dei må få unna massane for å sjå kva tiltak dei må gjere på vegen.
Skredet som gjekk natt til sundag har laga nye og større elveløp som dreneringssystemet til vegen truleg ikkje klarar å ta unna. Delar av elveløpet må reinskast og det kan vere naudsynt å auke dimensjonen på stikkrenna som går gjennom vegen.
Berge fortel at vegen i verste fall kan vaskast vekk om dreneringa gjennom vegen ikkje klarar å ta unna vatnet.

Rasstengt veg:
Publisert: 25.11.2020 16:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06