Mari Klokk Leite
Avdelingsleiar Mari Klokk Leite seier teknologiutviklinga har gode kår i nordvest, men framleis er det stort potensial i å utnytte den maritime klynga.
Nytt

Sterk gründerånd i den maritime klynga

Mari Klokk Leite i Innovasjon Norge meiner likevel det manglar risikokapital og evne til å ta steget frå lovande idé til store kommersielle bedrifter.

Grunde Grimstad
17.09.2025

– Vi har alle mogleheiter til å drive internasjonalt konkurrerande industri på Nordvestlandet, sa Mari Klokk Leite til ein fullsett sal på den maritime Klyngekonferansen 2025 i Ålesund onsdag.  

Avdelingsleiaren i Innovasjon Norge fortalde at mykje går bra i næringslivet, men framleis viser statistikkane at produktivitetsveksten i Norge ligg godt bak OECD-snittet. 

Talet på nyetableringar i Norge har gått ned dei siste ti åra. Sjølv om oppstartbedrifter har blitt betre til å samarbeide og hente erfaring frå etablerte aktørar, er det framleis mykje potensial å hente ut i form av samarbeid og tilrettelegging for gründerverksemder.

– Vi manglar investeringsvilleg kapital og evne til å løfte gründerane frå lovande oppstartsselskap til modne, solide industribedrifter, seier Klokk Leite.

Ting tek tid
Klokk konstaterte at den maritime klynga på Nordvestlandet har alle føresetnadar for å lukkast med å skape nye, innovative og internasjonale teknologibedrifter. Her er ein sterk kultur for entreprenørskap, sterk samarbeidstenking, kultur for å pløye fortenesta ned i nye bedrifter, og ikkje lang erfaring med å selge i internasjonale marknadar.  

– Kva er dei største utfordringane du høyrer frå grunderar og nyoppstarta selskap?

– Sjølv om vi har ein god trend akkurat her i regionen, så er det nok kapitaltilgangen framleis det store hinderet for vekst og utvikling i Norge.

Klyngetenking 
Eit meir strukturelt problem, både for norske og europeiske gründerar, er evna til å omsette gode idear i store og kommersielt sterke selskap.

– Vi har eit skaleringsproblem. I Europa er vi generelt for svake til å omgjere forsking til kommersialisering USA har eit langt betre økosystem for å oppskalere nye teknologiar til store, sunne selskap, seier Leite.

Samstundes understrekar Leite at svært mykje går bra i Møre og Romsdal.

– Vi har høgvekstbedrifter med nye tekniske løysingar, vi har sterke eksportnæringar, eit svært høgt kompetansenivå, og vi har eigarar som sit tett på bedriftene og i stor grad reinvesterar kapitalen og bidreg mykje til produktivitetsveksten.

- Men det aller viktigaste er ikkje kor mange bedrifter som blir etablert, men kva som blir ut av dei til slutt, understrekar Leite

– Fordelar og ulemper med silotenking.
Men sjølv om oppstartsbedriftene her i regionen har fordel av å kunne lene seg tungt på andre sunnmøringar med gründererfaring, så kan også dette ha sine fallgroper.

– Mykje av innovasjonen skjer i konsentrasjon, med for svake koblingar til næringslivet. På den andre sida kan for mykje klyngetenking også hindre oss i å sjå at løysingane våre kan ha potensial innanfor heilt andre bransjer enn den maritime, seier Leite  

– Har Norge for lite investeringskapital og gamle pengar?

– Vi er heilt avhengig av private pengar som er villege til å ta risiko. Men vi ser også at mange for tida står i eit dilemma mellom investeringslyst og at det er større usikkerheit i verda.

– Kva ønskar gründerane seg aller mest frå den nye regjeringa?

– Vi er ikkje ein politisk aktør, så eg skal ikkje kommentere for mykje på det. Men at vi treng kapitalsterke aktørar i økosystemet, det ser vi tydeleg. Det er avgjerande at ein tør å ta risiko for å lukkast med å løfte nye vekstbedrifter, seier Leite.

– Samstundes er det klart at bedriftene ønskar og treng gode rammevilkår for å bygge nærinslivet vi skal leve av i framtida.

Realitetsorientering
– Har du ein bodskap til dei som tenker på  å starte opp noko nytt?

– Det nok mange som ikkje er klar over kor mykje arbeid og tid det krevjer for å bygge opp eit nytt selskap, og særleg i starten er mange veldig flinke til å fokusere på teknologi - og kanskje litt for lite flinke til å tenke økonomi, seier Leite.

For å få status som eit såkalla høgvekstselskap må ei bedrift ha over 10 millionar kroner i omsetning og ein vekst på 20 prosent årleg. 

– I snitt tar det faktisk 15 år å bygge opp eit slikt selskap, som er meir enn mange gründerar ser for seg. Men samstundes har vi mange sterke aktørar i regionen som har erfaring i å bygge opp nye selskap, som med fordel kan bli tettare kobla til oppstartselskapa, seier Leite.

Publisert: 17.09.2025 14:42

Sist oppdatert: 18.09.2025 11:53

Mer om