Sterk i trua
VISJONÆR: Roger Hofseth har idear i fleng, og folk med seg som skal stoppe dei villaste, men: - Eg er ein flink selgar så eg greier som regel å overtale dei, seier han. 
Nytt

Sterk i trua

Når du er primus motor for eit selskap som har gått til saman 660 millionar kroner i minus på ti år - og likevel er meir begeistra enn nokon gong, då må du vel kunne kallast optimist? 

30.12.2020
- Eg vil heller seie at eg er utypisk. Det er ikkje unormalt ute i verda å bruke ti år på å bygge opp noko som har stort potensiale, seier Roger Hofseth.
Han er største eigar og leiar i oppdrettsfisk-foredlingsselskapet Hofseth International med 4,2 milliardar kroner i driftsinntekter og medeigar og leiar i oppdrettselskapet Hofseth Aqua (tidlegare Fjordlaks Aqua) med 630 millionar kroner i driftsinntekter.
  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 () som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.

Nybrotsarbeid

Det mest spennande er om han lukkast med Hofseth Biocare. Det er eit selskap som vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri og foredlingsindustri, til kosttilskot, helsekostprodukt- og om alt går bra – til produkt med ein medisinsk effekt.
Hofseth Biocare har vore børsnotert sidan 2. desember 2011. Børskursen har svinga veldig, men eit viktig vendepunkt kom i fjor sommar, då selskapet offentleggjorde ein intensjonsavtale med Garden of Life, som er eigd av det internasjonale matvareselskapet Nestlé.

I løpet av kort tid vart selskapet over tre gongar meir verd, og verdien av selskapet har svinga rundt tre milliardar kroner sidan.

Trur på foredling i Noreg

Hofseth trur på ein foredlingsindustri i Noreg.
Den eine grunnen er miljøomsyn.
- Å flytte til dei billegaste landa er ikkje berekraftig på lang sikt, meiner han. Med fryste og butikk-klare produkt i staden for ferske, kan meir av frakta gå på skip - som gir mindre forureining og svinn enn flyfrakt av fersk laks.
Den andre grunnen er automatisering.
Ein stor del av dei tilsette i Hofseth International sine anlegg er arbeidsinnvandrarar frå aust-Europa. Meir automatisering vil endre desse jobbane. Dermed spelar lønsnivået mindre rolle, samstundes som det blir lettare å rekruttere norsk ungdom inn i denne industrien.

Ville drive sjølv

Hofseth er frå Ellingsøya, og arbeidde i ungdomen i fleire av fiskeforedlingsbedriftene der. Der vakna også lysta til å bygge opp noko sjølv.
- Eg såg i alle fall forbetringspotensiale, og det var litt spennande å drive for seg sjølv.
I 2004 kjøpte han det nedlagde meieriet i Syvde og etablere foredlingsanlegg, i 2008 slo han seg saman med Seafoods Farmer of Norway på Valderøya, og fekk Ola Holen som partnar. I 2016 blei Fjordlaks Aqua kjøpt og dermed etablerte Hofseth International også eit anlegg ved Steinvågen i Ålesund.
Begge deler skal bli større om Hofseth får det som han vil.

Les også:





Les fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:














Det er ikkje unormalt ute i verda å bruke ti år på å bygge opp noko som har stort potensiale 

Publisert: 30.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09