Sterk årsavslutning – men store hydrogentap
Hexagon Composites la fram kvartalstal.
Hexagon Composites leverte tidleg torsdag tal som viser forbetra resultat for 4. kvartal i fjor (sjå tabell under).
Selskapet auka inntektene og passerte fem milliardar i omsetning i løpet av 2023. Det utgjer ei inntektsauke på kring 870 millionar samanlikna med året før.
Betre drift
Justert driftsresultat (ebitda) viser eit overskot på 480 millionar – ei auke på meir enn 130 millionar frå året før.
Drifta går med andre ord betre, men rekneskapen blir tynga av finanskostnader på 275 millionar.
Konsernsjef Jon Erik Engeset i Hexagon Composites uttaler at selskapet hadde ei sterk avslutning på året, som i stor grad er drive av Hexagon Agility sin verksemd. Det amerikanske dotterselskapet lagar tankar og system for bussar og lastebilar, og større mobile tankar.
Les børsmelding (ekstern lenke)
Skriv ned Purus-aksjar
Grunna verdifall på eigarskapen i Hexagon Purus, har selskapet gjort nedskrivingar på 702 millionar kroner. Bakgrunnen er negativ kursutvikling andre halvår 2023, skriv selskapet i børsmeldinga.
Det gjer at resultat før skatt for fjoråret enda med minus 933 millionar kroner.
Resultat etter skatt for 2023 blei på drygt 1,1 milliardar i pluss. Bakgrunnen for skilnaden er enkelt forklart det blei gjort ei oppskriving i første halvår, og ei nedskriving mot slutten av året.
Selskapet fekk eit rekneskapsmessig gevinst på drygt to milliardar då dei reduserte eigarskapen i Hexagon Purus i løpet av fjoråret. Det gjer at dei slepp å rekne inn Purus-tala i Hexagon Composites-rekneskapen.
Følg presentasjon av resultatet frå klokka 8.30 (ekstern lenke)
Hexagon Composites ASA | ||
Pr. 4. kvartal. i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 5.176,7 | 4.302,8 |
Driftsresultat | 221,2 | 105,8 |
Resultat før skatt | -932,9 | 23,8 |
Resultat etter skatt | 1,135,9 | - 425,9 |
Hexagon Composites ASA | ||
4. kvartal. i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 1.436,9 | 1.275,8 |
Driftsresultat | 58,1 | 36 |
Resultat før skatt | -797,3 | 1,5 |
Publisert: 15.02.2024 07:54
Sist oppdatert: 15.02.2024 10:05