Stig Remoey med ny storsatsing paa krill
SATSAR: Stig Remøy (innfelt) og Rimfrost gjekk onsdag ut med planane om eit nytt 120 meter langt krillfartøy med design frå Kongsberg Maritime.
Nytt

Stig Remøy med ny storsatsing på krill

Skipet til over ein milliard kroner skal byggjast på Westcon, og det vert sunnmørske og andre norske leveransar for nær 500 millionar.

11.06.2020
Krillprodusenten Rimfrost inngår kontrakt med verftsgruppen Westcon Group om bygging av eit nytt krillfartøy til over ein milliard norske kroner.
Kongsberg Maritime har designet, medan skroget skal byggjast på Tersan-verftet i Tyrkia.

- Ein gledens dag

Den maritime klynga på Sunnmøre og andre norske verksemder vil få oppdrag for nærare ein halv milliard kroner som følgje av bygginga, opplyser Rimfrost i ei pressemelding.
- Dette er ein gledens dag. Vi har arbeidd i lang tid saman med norske fagmiljø for å utvikle teknologi som vil setje ein helt ny standard for krillfiske i Antarktis, både når det gjeld klimavenlegheit, berekraft og ressursutnytting, seier hovedeigar Stig Remøy, i pressemeldinga.
- Vi er veldig stolte over oppdraget med å byggje ein båt som vil setje ein ny standard innan miljø og berekraft, seier administrerende direktør Øystein Matre i Westcon.
Kongsberg Maritime-designet er basert på grøn teknologi og tilfredsstiller blant anna DNV-GL klassenotasjon Clean Design og IMO Polar Code, der alle prosessar er planlagde for å oppnå minimale utslepp og stor grad av gjenbruk i energiutnyttinga.
- Ein slik kontrakt vil bety svært mykje for Kongsberg Maritime, og det er inspirerande å vere samarbeidspartnar med Rimfrost på eit slikt nyskapande prosjekt, seier salssjef for skipsdesign ved Kongsberg Maritime, Monrad Hide, i pressemeldinga.

Får meir ut av krillen

Det Tersan-bygde skroget er konstruert og forsterka med tanke på operasjonar under krevjande forhold i Antarktis.
- Vi har jobba lenge med planane for å sikre at fartøyet kan gjennomføre dei sikraste, smartaste og mest miljøvenlege fiskeoperasjonar som nokon gang er gjort i Antarktis. Fartøyet er også tilpassa for forskingsoperasjonar, seier Stig Remøy.
Rimfrost viser til at i tillegg til miljøtiltaka knytta til drifta av fartøyet, viser vurderingar frå Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources (CCAMLR) at utnyttingsgrad av råstoffet vil vere vesentleg høgare enn hos Rimfrost sine konkurrentar, samtidig som energiforbruket i prosessane er mykje lavere. Dette betyr at Rimfrost treng å ta opp mindre krill frå havet for å få same mengde ferdige produkt. Samtidig har produkta høgare kvalitet, ifølgje Rimfrost.

Klart til bruk i 2022

Største konkurrenten til Rimfrost er Røkke-kontrollerte Aker Biomarine.
- Fartøyet blir det einaste i verda der helsekost og kosttilskot faktisk vert produsert til sjøs, rett etter fangst. Kort og skånsam prosessering slår positivt ut for kvaliteten av produkta.
- Dette opnar opp for at vi kan utvikle fleire nye produkt som kosttilskot til menneske, dyr og oppdrettsfisk, og i tillegg produkt til farmasøytisk bruk, seier Remøy.
Etter planen vil fartøyet vere klart til bruk i 2022.
Rimfrost har opsjon på ytterlegare eitt fartøy.

- Vil revolusjonere krillfisket

I sin tildeling av krillkonsesjonar har Fiskeridirektoratet tidlegare opplyst at ein har lagt avgjerande vekt på korleis omsynet til miljø, innovasjon, forsking og utvikling blir ivaretatt.
På bakgrunn av disse faktorane konkluderte direktoratet ved same anledning med at Rimfrost hadde den beste søknaden.
- Det har vore mange utfordringar og hinder på vegen dit vi er i dag. Derfor er vi ekstra glade for at vi no får på plass eit fartøy vi meiner vil revolusjonere krillfisket i Antarktis, seier Remøy.
Dette er ein gledens dag. Vi har arbeidd i lang tid saman med norske fagmiljø for å utvikle teknologi som vil setje ein helt ny standard for krillfiske i Antarktis

Publisert: 11.06.2020 14:17

Sist oppdatert: 04.03.2021 07:57