Stig Remoey vann krillstrid
2-0: Stig Remøy (nummer tre frå venstre) har vunne striden med Aker Biomarine om retten til produksjonsteknologien ombord i Juvel både i tingretten og lagmannsretten. Aker Biomarine må dekke Remøy-selskapet Rimfrost sine sakskostnadane på tilsaman 8,3 millionar kroner. Bilet er frå ein pause i rettforhandlingane i lagmannsretten i desember 2019. Frå venstre finandsdirektør John Arne Winsnes, advokat og styremedlem Ingvild Vartdal, Stig Remøy og forskingsjef Inge Bruheim i Rimfrost.
Nytt

Stig Remøy vann krillstrid

- Ein gledens dag, seier Stig Remøy, medan Kjell Inge Røkkes Aker Biomarine vurderer anke til Høgsterett.

01.09.2020
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.
Rimfrost vann i tingretten og har no også vunne i lagmannsretten.
- Ein gledens dag, seier Stig Remøy.
- Dette var skuffande og vi er uenige i rettens konklusjon, seier Ingeborg Tennes, kommunikasjonssjef i Aker BioMarine i ei pressemelding. Aker Biomarine vurderer anke til Høgsterett, ifølgje pressemeldinga.

Alvorlege konsekvensar

Rettsaka i langmannsretten vart avvikla i Ålesund før jul 2019. Dommen var først varsla å kome i januar, men har blitt utsett fleire gangar.
Begge partar i rettsaka i lagmannsretten sa at eit nederlag ville vere alvorleg for dei. Aker Biomarine er eigd av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som dominerande eigar. Rimfrost er eigd av Stig Remøy.
Remøy seier produktporteføljen til Rimfrost er basert på produksjonsteknologien ombord i Juvel.

Eigd av Rimfrost

Retten til produksjonsteknolgien ombord i Juvel var opphavleg eigd av Emerald Fisheries, men blei kjøpt av Rimfrost for å fylle på kassa i Emerald Fisheries.
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost står om retten til produksjonsteknologien etterpå blei overført tilbake til Emerald Fisheries. Aker Biomarine meiner ja, og førte mellom anna Nordeas fiskerisjef Louise Haahjem som vitne på at banken trudde patentet var tilbakeført til Emerald Fisheries.

Men lagmannsretten konkluderer som tingretten, transaksjonen som førte retten til produksjonsteknologien tilbake til Emerald Fisheries skjedde ikke. Dermed var heller ikke retten til teknolgoien med på kjøpet når Aker Biomarine kjøpte Juvel:
"Patentet forble eid av Rimfrost. Det var derfor ikke omfattet av konkursboets beslagsrett etter dekningsloven § 2-2. Hvorvidt dette innebar et mislighold av låneavtalen, var illojalt eller urettmessig og i strid med kreditorenes interesser, har ingen betydning for spørsmålet om eierskapet til patentet. Det vil i tilfelle være spørsmål om erstatning for eventuelle tap. Lagmannsretten konkluderer som tingretten med at Emerald ikke kjøpte patentet tilbake."
Ein gledens dag

Publisert: 01.09.2020 11:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57