Reiseliv sjangerbild Sparebanken Vesty
TØFF BRANSJE: Reiselivsbransjen er hardast råka av koronakrisa, medan oljebransjen ser ein opptur, viser den siste næringslivsanalysen til Sparebanken Vest
Nytt

Stigande optimisme på Vestlandet

Opptur i vente for oljebransje-selskap.

08.03.2021

Oljebransjen er med på å dra optimismen i vestlandsk næringsliv oppover, viser Vestlandsindeksen.

Vestlandsindeksen er Sparebanken Vest sin kvartalsvise temperaturmålar for tilstanden i næringslivet i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Første utgåve kom i februar 2012.

27 prosent av selskapa som har minst 50 prosent av inntektene sine frå oljebransjen trur på auka investeringar i dei neste seks månadane. I førre kvartal svara berre 11 prosent det same.

Lønsemda til dei same selskapa steig i første kvartal, til nesten det historiske gjennomsnittet for slike bedrifter, og det er i dei mindre bedriftene auken er største samanlikna med fjerde kvartal 2020.

Fleire jobbar
Sparebanken Vest lagar indeksar av svara i spørreundersøkelsen som ligg til grunn for Vestlandsindeksen, for å kunne samanlikne endringar i stemninga frå kvartal til kvartal.

Sysselsettingsindeksen viser at det no er like mange bedrifter som ventar sysselsettingsvekst som før den verdsomspennande koronaepidemien kom.

Forventingane til sysselsettingsvekst er størst hos mindre bedrifter, med under 50 millionar kroner i driftsinntekter.

Tøffast i reiseliv
Framtidsutsiktene er ikkje likt vurdert mellom bransjane.

Hos overnattings- og serveringsbedrifter er det 50 prosent som ventar konkurser hos kundar eller leverandørar de komande 6 månadene.

Overnatting- og serveringsbedriftene ligg og på topp når det gjeld å ha fått ekstra tid til å betale leverandørane sine. 20 prosent svarar at dei har fått betalingsutsetting.

Publisert: 08.03.2021 08:15

Sist oppdatert: 08.03.2021 09:11