Stokke-grep starta å gi effekt
Fekk ny vekst etter å ha brukt tosifra millionbeløp på effektivisering.
Stokke-konsernet fekk igjen eit vekstår i fjor etter å ha satsa store summar på meir effektiv drift.
I åra fram mot 2017 nådde salet av barneprodukta stadig nye høgder – og lønnsemda var svært god. Etter rekordåret stoppa veksten opp og lønnsemda fekk ein knekk i 2018.
Då bestemte konsernet seg for å ta fleire grep. Mellom anna gjekk dei vekk frå satsinga på eigne butikkar. I rekneskapen for 2019 startar resultata å vise seg.
Venta full effekt i 2020
Omsetninga auka med 47 millionar og lønnsemda blei betre. Driftsresultatet på 172 millionar er nær 30 prosent høgare enn året i forvegen (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Styret venta at effektiviseringstiltaka skulle få full effekt i løpet av 2020, og at inntektene då skulle auka enno meir.
Selskapet opplyser i ei pressemelding i samband med resultatet at dei vil satse meir på kjerneproduktene sine.
– Strategien inneber såleis at vi satsar sterkare på våre sentrale marknader, og med ein vesentleg auka i investeringane på marknadssida, uttaler administrerande direktør Jacob Kragh i meldinga.
Ligg føre budsjett
Årsberetninga som er datert i starten av mars, inneheld ikkje nokon kommentarar kring koronapandemien.
I pressemeldinga sendt ut i samband med resultatet kan Stokke opplyse at dei ikkje har hatt negative effektar av koronapandemien, og at dei ligg betre an enn budsjett - som blei lagt før Covid-19-utbrotet skjedde.
Les også: Veksten stoppet opp for Stokke
Stokke har styrket ålesundskontoret
Titals millionar på spareprogram
I årsberetninga blir arbeidet med å få ny struktur i verksemda omtala. Berre i løpet av fjoråret er spareprogrammet kostnadsført med 16 millionar kroner. Året før var same post på 18 millionar kroner.
Styret opplyser i årsberetninga at kostnadene er under kontroll og at gjennomføringa går omtrent etter planen.
Dei held også fram med å investere i nye produkt. I fjor auka investeringane til nær 30 millionar kroner, mellom anna på ulike «shop-in-shop»-konsept.
Færre tilsette
I fjor hadde konsernet 380 tilsette. Av desse jobba 108 i Norge. Begge delar er litt færre enn det har vore dei siste åra.
Spareprogrammet har ført til eit betydeleg kutt i talet på tilsette, blir det påpeika i årsberetninga.
Hovudkontoret til Stokke er framleis i Ålesund, men det aller meste av salet skjer utanfor Norge. Kring 10 prosent av salet skjer via nett, ifølgje konsernet.
Stokke-familien selte i 2013 aksjane sine til et selskap eid av sørkoreanske NXC.
Les også: Forvalter Stokke-formuen forsiktig
Disse kan blir årets industridesignselskap
Stokke (konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2019 | 2018 | |
Driftsinntekter | 1614 | 1567 |
Driftsresultat | 172 | 133 |
Res. før skatt | 173 | 137 |
Publisert: 10.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.08.2021 14:25