Stolpe gjennombrot skal gi fleire jobbar
GJENNOMBROT: Stein Inge Rem har arbeidd i fleire år for å få gjennomslag for ein kraftstolpe i kompositt. I år er det sannsynleg med eit gjennombrot, meiner han. 
Nytt

Stolpe-gjennombrot skal gi fleire jobbar

I løpet av våren håpar Stein Inge Rem i Rempro å få selge sin første kraftsstolpe i kompositt. Då blir det meir vekst.

26.04.2017
Rempro i Liabygda i Stranda har spesialisert seg på komposittmateriale, og har hatt stor vekst i fleire år.
I år kan målet om å få kraft- og nettselskap til å gå over frå tre og metallstolpar til komposittstolpar omsider bli nådd. Før våren er omme er det sannsynleg at dei første kontraktene om levering av komposittstolpar er i boks, i følgje dagleg leiar og eigar Stein Inge Rem.
I løpet av hausten ventar han at kraftbransjen også kjem med ei godkjenning av stolpane frå Liabygda.
Til saman skal dette overtyde marknaden om at kompositt er eit konkurransedyktig stolpealternativ, og opne for store leveransar.

Vurderer utviding

Den langsiktige veksten for selskapet blei broten i fjor (sjå tabell). Men dette skuldast tilfeldige svingingar i følgje Rem. Så langt i år ser selskapet ut til å passere driftsinntektene i både 2016 og 2015.

Rempro ha i dag ni tilsette, to fleire enn i fjor. Får Rem gjennomslaget i stolpemarknaden han håpar på opnar det både for utviding av fabrikken og fleire tilsette.
Han er optimist.
- Vi ser konturane av at dette kan bli veldig bra, seier Rem.

Meir oppdrett

Veksande leveransar til oppdrettsnæringa er hovudårsaka til veksten for Rempro dei siste åra.
Selskapet lagar mellom anna stenger i kompositt som blir brukt til å halde oppe nett som hindrar fugl å forsyne seg av fisken i anlegga. Rempro lagar og botnringar i kompositt til oppdrettsanlegga.
Stein Inge Rem seier det langsiktige utviklingsprosjektet i selskapet er retta mot oppdrettssmarknanden.
Han vil førebels ikkje seie kva satsing konkret går ut på, ut over at det er snakk om ei satsing mot oppdrettsanlegg utaskjærs, der belastningane er større enn for tradisjonelle oppdrettsanlegg inne i fjordane.

Publisert: 26.04.2017 06:00

Sist oppdatert: 16.03.2022 14:28

Mer om