Stor auke hos Nordfjord Kjoett
Nytt

Stor auke hos Nordfjord Kjøtt

Har auka bemanninga med 30 prosent.

15.04.2020
Stor auke i etterspurnaden etter norsk kjøtt gjer at Nordfjord Kjøtt i Stryn har trappa opp produksjonen, melder .
Det er særleg butikkane på Austlandet som merker auken etter et grensehandelen til Sverige blei stengt. Men også i resten av landet er det auke, grunna mange stengte serveringsstader.
Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg anslår at dei har dobla produksjonen etter 12. mars og auka bemanninga med kring 30 prosent. Mange av dei ekstra arbeidstakarane er studentar, skoleelevar og folk som er permitterte frå andre jobbar.
– Onsdag før påskehelga sette inn, nådde vi alle tiders rekord: Oppimot 300 tonn bestilte varer på ein dag. Det normale, utan korona og andre ekstraordinære tilstandar, er 60-70 tonn, fortel Roksvåg til avisa.
Dei har nok tilgang på råvarer, men Roksvåg fortel at dei gjerne skulle hatt meir kortreist slakt.

Publisert: 15.04.2020 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56