Stor designkontrakt til Ulstein
Skal designe ein serie installasjonsfartøy for havvindfundament.
Det Singapore-baserte selskapet Cyan Renewables har valt Ulstein Design & Solutions BV, Nederland, til å designe ein serie installasjonsfartøy (FFIV) for store botnfaste havvindfundament.
Behovet for installasjonsfartøy som kan gjere tunge løft er aukande, og denne typen skip vil gjere det mogleg for Cyan å bidra til utviklinga av havvindindustrien, opplyser Ulstein på si heimeside.
- Med den sterke referanselista innan design av tungløftsfartøy og god forståing for marknadsavgrensingar og krav, er Ulstein den føretrekte partnaren til å designe dei nye fartøya våre, seier Torgeir E. Ramstad, administrerande direktør i Cyan sin FFIV-divisjon.
Utviklinga går raskt
Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV, set pris på samarbeidet.
- Vi er veldig glade for at Cyan verdset kvalitetane våre og vel oss som partnar for å realisere ambisjonane sine innan havvind.
- Tilbake i tid spådde vi at det ville bli ein mangel på fundamentinstallasjonsfartøy. Utviklinga går raskt og vi har sidan då arbeidd med å utvikle framtidas installasjonsfartøy for å støtte veksten i havvindindustrien.
Ulstein Blended Design
Dei nye skipa vil ha dekksplass og krankapasitet store nok til å møte utviklinga innan fundamentdesign, inkludert monopålar og såkalla jackets. I tillegg vil dei òg ha lave utslepp ved at det vert brukt eit hybridkraftsystem som består av dual-fuel-motorar (metanol), landstraum og batteri.
- For ein del av FoU-arbeidet vårt tok vi i bruk ein ny metode, som vi kallar Ulstein Blended Design, for å utvikle forretningsplanen og skipsdesignet samtidig. Med denne metoden utforska vi fleire tusen skipsdesign for å kome fram til dei mest framtidssikre løysingane, seier Ko Stroo, som er produktsjef/leiande skipsdesignar i Ulstein Design & Solutions BV.
- Vi jobba med fleire ulike framtidsbilde i offshorevind, noko som bidrog til å finne dei optimale kombinasjonane for Cyan sin forretningsplan og framtidige design, fortel han.
Cyan Renewables er Asias første reindyrka havvindreiarlag som yter tenester til den raskt veksande havvindparkindustrien globalt. Teamet blir leidd av industriveteranar baserte i Singapore og Danmark.
Publisert: 20.04.2023 14:42
Sist oppdatert: 20.04.2023 15:39