Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stor gjeld etter konkurs for husbyggjarfirma

Spikaren i kista etter meir enn 60 år i bransjen.

Marius Rosbach
20.09.2023

Møre og Romsdal tingrett har onsdag opna konkurs i Total-Bygg Hjørungavåg, etter at leiinga melde oppbod.

Selskapet som melde inn oppbod blei starta i 2005, men har røter tilbake til slutten av 1950-talet.

– Dette er ein veldig trist dag for alle i Total-Bygg, seier dagleg leiar Thor-Ove Rekdal Nedrelid til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at selskapet ikkje har hatt nok sal av nye prosjekt og at situasjonen difor er blitt usikker. Difor såg dei ikkje anna løysing enn å melde oppbod.

Stor gjeld
Hareid-firmaet har ni tilsette og verksemda var framleis i gong då tingretten behandla saka.

Selskapet hadde ei gjeld på meir enn 22,5 millionar kroner, medan verdiane er anslått til kring 13 millionar, går det fram av rettspapira.

Det siste rekneskapen frå 2022 viser ei omsetning på 34 millionar. Fjoråret enda med eit underskot før skatt på 1,3 millionar kroner. Ved utløpet av året hadde firmaet ein eigenkapital på drygt 6 millionar og samla gjeld på nærare 20 millionar kroner.

Har levert ferdige bustadhus
Total-Bygg Hjørungavåg er eigd av Hjørungavåg Byggelag og har i hovudsak levert bustadhus i Hareid og Ulstein.

Tidlegare produserte dei eigne bygningselement i lokala i Hjørungavåg, men gjekk kring 2010 over til å kjøpe frå andre lokale leverandørar på Sunnmøre, opplyser firmaet på heimesida.

Bustyrar i saka er Kristine Grønbech Rolland Devold og første skiftesamling er 30. oktober.

Publisert: 20.09.2023 17:25

Sist oppdatert: 20.09.2023 17:25

Mer om