Stor interesse for ombordfryst fisk
OMBORDFRYST: Sortering av HG-kappa brosme og hyse til innfrysing. Mange er interesserte i å høyre meir om utviklinga for ombordfryst produskjon under konferanse i Ålesund.
Nytt

Stor interesse for ombordfryst fisk

250 påmelde til konferanse i Ålesund torsdag. Harald Tom Nesvik stiller.

06.01.2020
Ombordfryst-konferansen komande torsdag er eit samarbeid mellom Norges sjømatråd, Fiskebåt og Nordea. I år er det rundt 250 påmeldte til konferansen som er arrangert kvart år sidan 2016.
Det opplyser Fiskebåt i ei pressemelding måndag
Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik stiller, og skal ta for seg politiske rammevilkår for havfiskeflåten.
Bransjeanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea og sjømatanalytikar Ingrid Kristine Pettersen i Norges Sjømatråd skal spå om torskeprisen framver, medan konserndirektør Webjørn Barstad i Lerøy Seafood Group skal ta for seg berekraft og kvalitet i trålarflåten.
Det vert også fokus på ny teknologi, både når det gjeld utstyr og når det gjeld fartøytyper og ein vil blant anna ta for seg marknadsutviklinga for reker, klippfisk og kvitfisk.

-2020 ser lovande ut

Fiskebåt viser spesielt til at torskeprisen har meir enn dobla seg på fem år og utsiktene for 2020 ser også lovande ut for fiskeflåten.
Det er femte året at Ombordfryst-konferansen blir arrangert i Ålesund. Konferansen er retta mot den delen av havfiskeflåten som frys fisken om bord i fartøya på havet, deira kundar og leverandørar.
- Vi ser at denne konferansen har blitt den viktigaste arenaen for mange i næringa der ein både får faglege innspel, men også møter andre som jobbar med dei same problemstillingane, seier Ørjan Olsen, som er prosjektleiar for nye marknader, i Norges sjømatråd.

Trur på vidare høg torskepris

Sjømatnæringa er ei global næring og det meste av fisken som blir fiska av norske fiskebåtar blir eksportert til resten av verda.
- I fleire år no har det meste gått i rett retning. Lav rente, gunstig kronekurs og ikkje minst gode prisar på dei kvalitetsprodukta som den norske fiskeflåten leverer.
- Sidan 2014 har torskeprisen meir enn dobla seg i Sunnmøre og Romsdal Fiskeslagslag, og det ser ut til betalingsviljen vil halde seg på eit høgt nivå, seier Finn-Arne Egeness, som er bransjeanlytikar for sjømat i Nordea.

Publisert: 06.01.2020 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49