Både store norske enterprenørselskap og konkurrentar frå Europa og Asia - blant dei to kinesiske - er per i dag påmeldt til Kystverket sin leverandørkonferanse neste veke. I tillegg kjem og fleire mindre og spesialiserte selskap, som satsar på å få ein del av jobben med å bygge skipstunnellen.
I alt er det snakk om rundt 50 ulike konstellasjonar som er påmeldt, seier seniorrådgivar Sveinung Nedregotten i Kystverket.
– Vi synest interessa er stor, seier Nedregotten.
Konferansen er retta mot selskap som vil konkurrere om å få bygge tunnelen, der målet er å signere kontrakt hausten 2025 og starte bygginga i 2026.
Hovudentreprenør
Kystverket legg opp til å signere kontrakt med ein aktør, som i sin tur leiger inn andre selskap som underleverandørar.
Kystverket sin kontraktsmotpart treng ikkje vere berre eitt selskap, men kan og vere fleire selskap,som har etablerte eit samarbeid for å vinne oppdraget.
Frist 31. januar
Fristen for å melde seg på anbodskonkurransen er 31. januar 2025.
I perioden mars - mai neste år skal det både bli avklart kven som får bli med i konkurransen og det skal til slutt plukkast ut tre til fem aktørar som blir med i avsluttande rundar.
Dei utvalde får frist til 1. juni 2026 med å levere sitt første tilbod. Deretter kjem ei forhandlingsfase før eit endleg tilbod skal leverast i oktober neste år.
Publisert: 12.12.2024 09:12
Sist oppdatert: 01.02.2025 12:07