Stor interesse for å rekruttere utlendingar
Interessa for å delta på jobbmesse retta mot utlendingar er langt høgare enn NAV hadde venta.
48 bedrifter har meldt seg på til jobbmessa "Give a job" i Ørsta samfunnshus tysdag 24. januar. Dei 48 bedriftene er representert av tilsaman 80 personar.
Nav Ørsta/Volda, som er arrangør saman med kommunane Ørsta, Volda, Herøy og Ulstein, hadde håpa på å kome opp i 30 påmelde bedrifter på jakt etter folk.
Iselin Aske i Nav tek den uventa store påmeldinga mellom anna som eit teikn på at det framleis er stor etterspørsel etter arbeidskraft i regionen. Aske er leiar for arrangementet.
Endra tankegang
Ho meiner påmelding også fortel om ei endring i tankegangen om kven som bedriftene vil rekruttere.
- Vi har ein arbeidsmarknad som er i ei positiv endring i høve til å tenkje mangfald og integrering, seier Aske.
26 av bedriftene som er påmelde stiller med eigen stand på jobbmessa.
Innlegg og mingling
Arrangementet skjer i samarbeid med organisasjonen "Give a job", som arbeider med rekruttering av folk med utanlandsk bakgrunn.
Over 200 potensielle arbeidstakarar har også meldt seg på arrangementet.
Deltakarane får ein kombinasjon av innlegg og høve til direkte møte mellom potensielle arbeidsgivarar og arbeidsøkjarar.
Publisert: 20.01.2023 14:35
Sist oppdatert: 20.01.2023 14:40