Stor internasjonal interesse for nytt Heroey produkt
OLJEUTSTYR: Norvald Muren og Bård Ottesen i RS-Systems har fått tre bestillingar på den nye sentrifugen, og reknar med å levere seks slike sentrifuger i løpet av 2020.
Nytt

Stor internasjonal interesse for nytt Herøy-produkt

Denne sentrifuga skal hjelpe oljeaktørane til å måle vassinnhaldet nedover i olje- og gassreservoara.

23.03.2020
Dette er nødvendig informasjon for å rekne ut kor mykje olje eller gass reservoaret inneheld.
Interessa for produktet er stor.
- Ja, før vi fekk koronakrisa, var det i alle fall stor interesse. Men vi har alt seld tre eksemplar av sentrifuga, og får stadig nye forespørslar.
Det seier utviklingssjef Bård Ottesen i Herøy-selskapet RS Systems.
- Vi reknar uansett med at RS Systems kjem til å levere seks slike sentrifuger i 2020.

Saudi-Arabia

Dagleg leiar Norvald Muren seier at ein har stor tru på det nye produktet.
- Ja, her er det interesse både frå oljeselskap, forskingsstasjonar og universitet.
Herøy-selskapet har spesialisert seg på produkt til kjerneanalyse av oljereservoar, og har ikkje minst hatt ei rekkje oppdrag for selskap i Midt-Austen, blant anna i Saudi-Arabia.
- To av dei tre sentrifugene vi har i ordreboka skal til Midt-Austen, den tredje til eit selskap i Trondheim.
- Men forespørslane kjem frå heile verda.

Sør-koreansk samarbeid

Sentrifugene er utvikla over ein treårs periode gjennom eit nært samarbeid med ein sør-koreansk produsent av sentrifuger til medisinske føremål.
Gjennom å ta kjerneprøver ved ulike djup i eit oljereservoar, og køyre desse gjennom sentrifuga på ulik hastigheit, skaffar ein seg nødvendige paramtetre til modellering av vassinnhaldet i reservoara.

- Raskt og rimeleg

Sentrifuga blir styrt av ei datamaskin som igjen er kopla til eit kamera. Volum av vatn som blir produsert frå kjernepluggen blir automatisk registrert av kameraet gjennom spalter i behaldaren til kjerneprøvene.
Ottesen seier at ein ofte tar ut kjerneprøver i interessante soner gjennom heile djupneintervallet for reservoaret.
- Vårt system gir raske, rimelege og treffsikre analyser av vassinnhaldet, og dermed også over kor mykje olje det er i reservoara.
Ottesen har over 30 års erfaring frå olje- og serviceselskap, samt forskingsinstitusjonar innan kjerneanalalyse og utvikling av reservoarteknologi.

- Kjennskap og venskap

Han har også arbeidd for selskapet Petricore i Abu Dhabi, eit selskap som har vore av kundane til RS Systems.
- Internasjonalt er det ikkje så mange som arbeider med kjerneanalyser. Det går mykje på kjennskap og venskap.
I 2010 starta han selskapet RS Systems saman med Norvald Muren, som då hoppa av som maskinist.
Selskapet har seks tilsette fordelt på Herøy og Trondheim. I tillegg har selskapet tett samarbeid med Proton Elektro i Herøy, som blant anna set saman og testar sentrifugene.

Rekordomsetning

I fjor hadde selskapet ei omsetning på rundt 26 millionar kroner, det meste så langt.
- Vi hadde også ein rekordstor ordreserve ved inngangen til 2020, seier Muren. Han seier at ein trass usikkerheit rundt korona kjem til å få eit godt år i år.
- Ja, så langt ser det bra ut, men også vi er usikre på korleis dette skal utvikle seg.

Fleire produkt

RS Systems har to produktkategoriar. Den eine kategorien tar for seg målemetodar for kvantifisering av olje- og gassinnhald i sjølve reservoaret – før produksjon.
Den andre kategorien tar for seg målemetodar for å kvantifisere volumet som kan produserast frå reservoaret, anten gjennom standard fortrengningsmekansimer, eller gjennom bruk av prosessar for auka oljeutvinning.
Dagens ordrereserve er omtrent likt fordelt mellom dei to produktkategoriane.

Vel norsk

RS Systems har også utvikla eigne kjernehaldarar i komposittmateriale, og brukar både røntgen- og gammastråling til å overvake fortrengingsprosessar.
Selskapet har også utvikla ein kjernehaldar til bruk i ein mikroCT. Dette utstyret skanner ein kjerneplugg på berre to millimeter.
Dei aller fleste av komponentane er produserte i Norge.
- Ja, vi vel norsk når vi kan, seier Muren.

Arbeid og hobby

Han seier at i tillegg til produkututvikling og produksjon, tar selskapet seg også av installasjon, service og vedlikehald.
- Vi har stadig fleire oppdrag i ettermarknaden.
Ottesen seier at drivkrafta er både å skape arbeidsplassar og å utvikle nye ettertrakta produkt.
- For meg er dette både arbeid og hobby.
- Det er utruleg kjekt å utvikle produkt som ein ser at marknaden etterspør.
Vårt system gir raske, rimelege og treffsikre analyser av vassinnhaldet, og dermed også over kor mykje olje det er i reservoara

Publisert: 23.03.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54