Stor Vard-kontrakt til Vietnam-verft
Bygginga av heile åtte skip av ein ny type fartøy, gir også arbeid på Nordvestlandet.
Vard har kapra oppdraget med å bygge åtte stykker av eit nytt type fartøy for Ocean Infinity. Fleirbruksskipa blir omtala som «marine robotic»-fartøy og skal mellom anna vere tilrettelagt for fjernstyring frå land.
Skipa skal byggast ved Vard sitt Vung Tau-verft i Vietnam, og leverast i 2022 og 2023.
– Ringverknader i regionen
I tillegg er fleire spesialselskap frå konsernet involvert i utviklinga av den nye fartøyserien. Design og engineering skjer hos Vard Design i Ålesund, i tillegg utviklast kontrollsystemena hos Vard Electro i Tennfjord og Ålesund.
– Ein rekke leverandørar frå den norske maritime klynga er involvert i prosjektet, og oppdraget vil gi positive ringverknader i regionen, heiter det i pressemeldinga frå Vard.
Nye Armada-flåten
Det amerikanske selskapet Ocean Infinity skal nytte dei nye fartya saman med sine andre skip i Armada-flåten. Det er fleirbruksfartøy som i stor grad skal kunne gjere tilsvarande oppgåver som offshoreskip.
Kongsberg Maritime er mellom andre norske aktørar som har sikra seg arbeid med andre fartøy i denne flåten. I sommar ble det klart at Ocean Infinity også har bestilt 15 mindre fartøy som skal vere ubemanna.
Klargjort for ammoniakk
Skipa Ocean Infinity no har bestilt blir 78 meter lange og 15 meter breie. Designtypen Vard 9-60 er laga i samarbeid med kunden og klasseselskap for å kome fram til fartøy med låge utslepp.
Fartøya blir også mellom dei første som lagast slik at dei er klare for å ta i bruk sokalla grøn ammoniakk som drivstoff, med brenselcelle og batteriteknologi.
I arbeidet med kontrakten har Vard Elektro videreutvikla sitt «SeaQ Integrated Automation System» og «SeaQ Power Management System» slik at dei trygt kan nyttast til fjernoperasjonar.
Les også: Ny sjef i Vard
Prestisjeskip leverast innan få veker
Kongsberg med første kontrakt på ny teknologi
Ein rekke leverandørar frå den norske maritime klynga er involvert i prosjektet, og oppdraget vil gi positive ringverknader i regionen
Publisert: 25.01.2021 09:53
Sist oppdatert: 15.03.2022 09:15