Hex pur
TYSKLAND: Hexagon Purus har inngått avtale med München-baserte Keyou for miljøvenlege transportløysingar av gass. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Stor vekst - og store tap

Hexagon Purus nesten dobla omsetninga frå 3. kvartal i fjor til 3. kvartal i år. Tapa vart meir enn dobla.

02.11.2021

Det Ålesund-baserte selskapet er dotterselskap til Hexagon Composites, og satsar stort på hydrogenbaserte transportløysingar. No tar selskapet nye offensive steg etter oppkjøpet av tyske Wystrach, eit oppkjøp til 43,3 millionar euro. Det tyske selskapet har kundar som Air Liquide, Linde, Alstom og Daimler.

Hexagon Purus
Resultat 3. kvartal 2021 2020
Driftsinntekter 103,2 52,7
Driftsresultat -95,2 -31,3
Resultat før skatt -96,5 -43,2

Canada-utbygging
Styret skriv i kvartalsrapporten at selskapet er i vekst- og investeringsfase, og at profitten dermed vil vere prega av dette. Samstundes forventar ein kraftig vekst.

Hexagon Purus er i gang med utbygginga av eit 60.000 kvadratmeter stort produksjonsanlegg i Kelowna i Canada, for produksjon av batteripakkar og tanksystem for hydrogen tilpassa medium store og større lastebilar.

Hexagon Composites eig 74,7 prosent av Hexagon Purus. Clearstreaming Banking eig 5,8 prosent og Mitsui & Co Ltd eig 2,3 prosent.

Publisert: 02.11.2021 08:33

Sist oppdatert: 02.11.2021 08:53

Mer om