Sunnmøre tingrett foto ogne
Nytt

Storaksjon mot fiskeriaktørar

Politiet, Økokrim, Kystvakta, Fiskeridirektoratet og skatteetaten slo til mot fleire aktørar i fiskerinæringa.

21.03.2023

NPK-NTB/NETT NO: Mellom anna blir det aksjonert på Vannøya i Karlsøy, skriv Nordlys.

Politiet stadfestar at dei har aksjonert mot fleire stadar.

Politiet har sikta fire selskap og to personar. Ein av dei er frå Møre og Romsdal, den andre frå Troms, ifølgje ei pressemelding frå politiet. Grunnlaget for siktingane og talet på sikta kan blir utvida, ifølgje pressemeldinga.

Bakgrunnen for siktingane er mistanke om brot på fiskerilovgivningea i samband med ilandføring av fisk og brot på regelverket for rekneskapsføring, ifølgje pressemeldinga.

Pågåande aksjon
– Vi kan stadfeste at vi har mannskap ute på fleire lokalitetar. Det er ein pågåande aksjon der vi har bistand frå Kystvakta, Økokrim, Fiskeridirektoratet og Skattetaten, seier kommunikasjonsrådgivar Erik Lieungh i Troms politidistrikt.

Han vil ikkje seie kva dei ser etter.

– Det kjem vi tilbake til. Vi har folk ute på fleire stader i tilknyting fiskerinæringa. Dette er det vi går med av informasjon no, seier han.

Heller ikkje Fiskeridirektoratet ønskjer å seie noko meir om saka, men viser til politiet.

Politiet har varsla ein pressekonferanse klokka 19:00 i kveld.

Artikkelen blir oppdatert

Publisert: 21.03.2023 12:44

Sist oppdatert: 21.03.2023 14:58

Mer om