Store beloep forskotterast til fiskerihamner
HERØY-AVTALE: Ordførar Bjørn Prytz (t.v.) i Herøy kommune og direktør Einar Vik Aarseth i Kystverket signerte avtalen som gjer at kommunen kan jobbe vidare med planane, melder Herøy kommune på si .
Nytt

Store beløp forskotterast til fiskerihamner

Avtalen som mellom anna sikrar 108,9 millionar til Fosnavåg hamn, er underskriven. 

20.12.2019

(NPK): Det er inngått avtalar for totalt 237 millionar kroner som skal gå til fleire prosjekt i hamner langs kysten. Totalt har 541 millionar kroner blitt løyvd til slike tiltak i år.

– Forskoteringsmidlane gjer at utbetring av fiskerihamner kan gjennomførast tidlegare enn kva dei elles ville ha gjort. Dette gjer at utbygginga kan skje raskare enn forventa i Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dette er del av forskoteringsordninga som gjeld fiskerihamn- og farleistiltak som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029, og inneber at kommunar kan forskotere eit prosjekt mot tilbakebetaling frå staten på eit seinare tidspunkt.

Les også:


Herøy kommune får forskotert 108,5 millionar kroner til Fosnavåg fiskerihamn, Ibestad kommune får forskotert 95 millionar kroner til Engenes fiskerihamn, og Nordkapp kommune får forskotert 33,5 millionar kroner til Kamøyvær fiskerihamn.

Tidlegare i år har Kystverket inngått avtalar om forskotering om midlar til fiskerihamner i kommunane Berg (127 millionar kroner), Gamvik (72 millionar kroner) og Giske (105 millionar kroner).

(©NPK)

Les også:



Publisert: 20.12.2019 12:23

Sist oppdatert: 13.02.2023 21:05

Mer om