Store kontraktar til Hareid Group
Kjærkome påfyll i ordreboka.
HG Teknikk skal levere elektroinstallasjon på to nybygg og ei større ombygging ved Myklebust verft, melder selskapet i ei pressemelding.
HG Teknikk er eit datterselskap av Hareid Group.
Med eitt unntak er oppdraga HG Teknikk arbeider med no ferdig rundt årsskiftet, omlag når det fysiske arbeidet med den nye kontraktane tek til, ifølgje dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk.
Han seier dei nye kontraktane er betuydlege og vil gi god sysselsetting i 2022.
Det er to nybygg for Sølvtrans og ombygging av hurtigruteskipet Richard With HG Teknikk skal arbeide med. Alle fartøya skal leverast i 2022.
- Hareid Group vann fram i konkurranse med andre leverandørar, og forblir med det ein sentral samarbeidspartnar for oss i åra framover, seier dagleg leiar Inge Jonny Hide ved Myklebust verft i pressemeldinga.
Publisert: 08.07.2021 17:57
Sist oppdatert: 08.07.2021 17:58