Store lokale kontraktar
PEISKOS OMBORD: Ronjafisk er mellom anna utstyrt med gasspeis og Stressless-stolar.
Nytt

Store lokale kontraktar

Flust av leverandørar frå Nordvestlandet til ny brønnbåt.

18.12.2019

Gasspeisen og Ekornes-stolane (biletet) ombord i Sølvtrans sin nye brønnbåt, Ronjafisk, er berre to av mange leveransar frå bedrifter på Nordvestlandet.

Aas Mek. Verksted, som har bygd båten, anslår at rundt 25 prosent av kontraktsverdien går til underleverandørar frå Nordvestlandet, blant dei R&M Ship Interior AS i Molde, som har stått for innreiingsarbeidet - mellom anna gasspeis og kvilestolar.

nettnohalf

NETT NO anslår at Ronjafisk kosta i underkant av 300 millionar kroner, slik at det er snakk om lokale underleveransar på rundt 75 millionar kroner.

Meir i vente
Aas Mek. har ytterlegare ei brønnbåt under bygging for Sølvtransm, for levering neste år. Og fredag i førre veke signerte verft og reiarlag kontrakt på to nye brønnbåtar, mend ein prislapp på mellom 330 og 350 millionar kroner.

Dei skal leverast i 2020.

Les også: Feirar dåp og nye kontraktar

Her er leverandørane
Aas Mek. Verksted har henta underleverandørar frå heile Møre og Romsdal:

Nogva Motorfabrikk (naud og hamneaggregat), Brunvoll (gir, propellutstyr og sidepropellar), Vik Elektro (elektriske installasjonar), HG Marine Electronics (elektronikk), R&M Ship Interior (innreiing), Wangsmo (ventilasjon), Trondheim Kulde, Moldeavdelinga (proviantkjøleanlegg), Martime Partner (Mob-båt), Robinet (ventil/rørustrustning), Multi Marine AS / Carboline (maling ), MMC First Process (sorteringtellar) og Jets Vacuum (toalettanlegg).


Publisert: 18.12.2019 10:17

Sist oppdatert: 16.03.2023 19:13