Store planar i Barstadvik
BARSTADVIK, ØRSTA: No investerer dei i første byggjetrinn 85 millionar kroner ved stamfiskanlegget for laks og utvider dermed bygget med 2.700 kvadratmeter. Anlegget skal stå klart i mai.
Nytt

Store planar i Barstadvik

AquaGen satsar og utvidar Profunda-avdelinga i Barstadvik. Kan få 40 nye arbeidsplassar innan ti år. 

Kristin Vidhammer
02.03.2018
Det seier driftsleiar Helge Ressem i Aqua Gen Profunda.
No investerer dei i første byggjetrinn 85 millionar kroner ved stamfiskanlegget for laks og utvider dermed bygget med 2.700 kvadratmeter. Anlegget skal stå klart i mai.
- Det er full byggjeaktivitet her no, seier Ressem.
AquaGen kjøpte Profunda, som Helge Ressem og fleire etablerte i 1998, i mars i fjor.
Les også:

Kan auke produksjonen av rogn og levere heile året

På anlegget lever fisken i tankar på land. Når han er gyteklar, vert han frakta til andre oppdrettsanlegg der det er tilgong på ferskvatn.
Laksen gyter naturleg ein gong i året, men med investeringane og ved hjelp av lys- og temperaturregulering kan Profunda styre livssyklusen til laksen framover. Dermed kan dei levere heile året, mot tidlegare å vere sesongbasert. Dermed kan dei også auke produksjonen gradvis frå 20 millionar rogn pr. år og opp mot 150 millionar i året på sikt.

Kan på sikt ha heile livssyklusen til laks på eige anlegg

Det er på sikt planer om å realisere byggjetrinn to og tre, noko som betyr investeringar på omlag 500 millionar kroner. Seinare byggjesteg inneber blant anna eigen rognproduksjon og slik at dei kan ha heile livssyklusen til laksen inne på eige anlegg. Dette er sikkert og trygt utan påverknad på laksen utanfrå.
Dei langsiktige planane kan gje opp mot 40 tilsette.
- Teikningane er allereie klare, men dette vil enno ta noko tid. Planane er foreløpige og langsiktige, og det er styret i AquaGen som tek beslutningane, seier han.
Ifølgje Ressem, ligg alt til rette for at investeringane kan bli ein realitet på grunn av etterspurnad i marknaden og ein eigar som vil satse.

Reint vatn og unikt anlegg

Anlegget i Barstadvik er unikt og der dei hentar grunnvatn frå 45-50 meters djupne, og der vatnet er filtrert gjennom grusavsetningar frå istida. Dette er "favets farris" og er einaste av sitt slag, ifølgje Ressem.
- Dette er saltvatn og reinare vert det ikkje. Difor er det også slik at verksemda må ligge her i Barstadvik. Det er ikkje mogleg å flytte denne produksjonen til andre stadar. Frisk fisk er vårt mål og vår merkevare og det reine grunnvatnet gjer at fisken ikkje vert smitta frå sjøen. Det er grunnvatnet som er nøkkelen og denne type rogn vil marknaden ha.
Det var som skreiv om denne saka først.

Om AquaGen

AquaGen er ein leiande leverandør av befruktet rogn av atlantisk laks og regnbogeørret. Selskapet har også aktivitet innafor andre akva-kulturartar som rognkjeks, coho og tilapia. Selskapet har hovudkontor i Trondheim, forskingsavdelinger i Trondheim og Ås, samt produksjonsanlegg i Hemne, Tingvoll, Ørsta og Steigen kommune. Dei driv også verksemd i Chile.
Teikningane er allereie klare, men dette vil enno ta noko tid

Publisert: 02.03.2018 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18