Smaragd
NVG-SILD: Her tek Smaragd siste rest av årets kvote av NVG-sild. Båten skal levere fangsten hos Tripleline Vedde. Foto. Smaragd
Nytt

Store sildefangstar går til olje

Prisane på fiskeolje er historisk høge. Det fører til at store fangstar ikkje vert menneskeføde.

07.11.2022

Silda er rik på omega 3-feitt, og spesielt oppdrettsnæringa er storkjøpar av sildeolje. Dette har ført til høge prisar og at store fangstar av NVG-sild har gått til mjøl/olje i staden for til konsum.

Sildelaget opplyser at sist veke vart det fiska 45.800 tonn NVG-sild, der 17.200 tonn vart seld til olje/mjøl.

Blant desse er Strand Senior, som har starta på den lange vegen med 1.800 tonn NVG-sild til Prima Protein i Egersund. Smaragd er på veg med 930 tonn til Tripleline Vedde, medan Teigenes skal til Karmsund Protein på Avaldsnes med 1.760 tonn NVG-sild.

Kings Bay er måndag klokka 14 utanfor Sandsøya på veg til Karmsund Protein med 1.960 tonn NVG-sild, medan Eros har passert Bremangerlandet på veg til Prima Protein med 1.350 tonn sild, alt til oppmaling.

Ikkje lett å fange
Sildelaget opplyser at fisket etter NVG-sild har foregått både inne i fjordane og ute i havet. Spesielt har det vore gode fangstar nær Arnøya, og ute i havet 20 nautiske mil av Fugløya.

Sjølv om fangstkvantumet har vore godt, har ikkje silda vore like lett å fange ettersom ho i periodar har stått djupt.

Totalt står det att 109.681 tonn av totalkvoten på 442.269 tonn. Fleire båtar er no ferdige med sin kvote.

Utlendingane får makrell
På makrellen er det utlendingane som står for dei gode fangstane. Blant anna er shetlendaren Antarctic 2 måndag hos Olav E. Fiskerstrand på Fiskarstranda med 1.198 tonn makrell.

Utlendingane fiskar makrellen aust av Shetland, der Sildelaget melder om eit svært godt fiske, eit fiske som foregår med trål.

Den norske flåten heldt seg i første del av sist veke tett på grensa mellom Norge og Storbritannia, sør og nord av 60-graden. Men i slutten av veka flytta båtane felt og tråla i området Aktivneset – Storegga utanfor Møre.

Nokre få har fått greie fangstar her, og det er stor makrell med rundt 500 gram i snitt.

Det står no att berre 19.750 tonn av totalkvoten på 309.116 tonn.

Publisert: 07.11.2022 14:14

Sist oppdatert: 07.11.2022 14:15

Mer om