Konkurs bustadprosjekt saetre Orsta foto Ogne
BETONGSKAL: I andre byggesteg er berre betongkonstruksjonen i bustadprosjektet Sætre Fjordutsikt reist før det blei stopp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Store verdiar på spel i bustadprosjekt

To bankar har pant for titals millionar i det som skulle bli nye eksklusive bustader i Ørsta.

Marius Rosbach
03.06.2025

I april vart det kjent at Leilighetsbygg AS som stod bak bustadprosjektet Sætre Fjordutsikt, var konkurs. 

Nordea og Sparebank 1 Sør-Norge har pant på 62,5 millionar i byggeprosjektet, og verdiane ved konkursopning vart anslått til kring 30 millionar. Eigedelane vart abandonert til bankane i april. 

Bustyrar Thore Heggen fortel til Nett No at han ikkje er kjend med status for arbeidet med å klarlegge om det er mogleg å sluttføre bygginga av dei eksklusive leilegheitene.

Han finn det likevel naturleg at panthavarane ønskjer å finne løysingar for ferdigstilling av leilegheitene i prosjektet for så godt råd er få dekning av pantekrava.

Korkje Nordea eller Sparebank 1 Sør-Norge vil kommentere saka, og viser til at dei ikkje kan opplyse detaljar om kundeforholdet. 

Overtok prosjektet frå tidlegare eigarar
I rapporten frå bustyraren kjem det fram at høgare kostnader og rente førte til problem med finansieringa – som igjen førte fram til konkursen. 

Eigarane overtok bustadprosjektet frå tidlegare eigarar i 2016, fordi desse ikkje hadde kapasitet til å fullføre bygginga. Dei starta då Leilighetsbygg AS.

Prosjektet som innehaldt 14 leilegheiter med høg standard, blei godkjent i 2021. 

Bustyrar har fått opplyst at det var god interesse i marknaden, og at 6 av 14 leilegheiter var seld på førehand.

Delte prosjektet i flere byggetrinn
Samstundes som det etter kvart blei vanskelegare å selje bustadene grunna høgare rente, opplevde dei ei betydeleg auke i byggekostnader. 

Situasjonen førte til periodevis stans og prosjektet blei delt i fleire byggetrinn. 

Nordea hadde i utgangspunktet finansieringa, men banken ville etter kvart avgrense sitt engasjement til å berre gjelde første byggetrinn.

Finansieringsplattform fekk problem
Eigarane lukkast å få vidare finansiering for eitt byggetrinn to via folkefinansieringsselskapet Monia. 

Ifølgje rapporten frå bustyrar, fungerte dette godt i starten. Men då Monia fekk økonomiske problem, fekk det konsekvensar for bustadprosjektet i Ørsta. 

Finansieringsplattforma blei først kjøpt opp av meklarhuset Folkeinvest, og hamna innunder Sparebank 1 SR-Bank – som deretter vart ein del av Sparebank 1 Sør-Norge-konsernet.

Bustadprosjektet var då inne i ein god byggeperiode, men fekk problem med auka kostnader og høgare rente. Då Sparebank 1 Sør-Norge mot slutten av 2024 kravde at selskapet fekk inn ein ekstern prosjektleiar, vart kostnadane endå høgare, ha bustyraren fått opplyst.

Bankane sette foten ned
Banken brukte lang tid på å vurdere vidare finansiering, og i februar i år miste selskapet sin faste kontaktperson i banken. Det førte til stillstand i arbeidet. 

Med sterkare press frå kreditorar og manglande midlar til å kome vidare, vart situasjonen gradvis svekka. 

Då Nordea sa opp sitt engasjement, og Sparebank 1 Sør-Norge sa nei til ytterlegare finansiering, såg selskap ikkje anna råd enn å melde oppbod. 

Tidlegare dagleg leiar Øyvind Dalseth i Leilighetsbygg har avslått å kommentere saka til Nett No. 

Publisert: 03.06.2025 11:27

Sist oppdatert: 03.06.2025 11:27

Mer om