Storeslem til Vard
Vardkonsernet står for over tre fjerdepartar av ordreinngangen til norske skipsverft i år. Optimismen stig hos bransjeorganisasjon.
Hittil i år har norske skipsverft offentleggjort kontraktar for 12,5 milliardar kroner.
Vard åleine har offentlegjort kontraktar for i alt 10 skip, medrekna dei tre nye kystvaktskipa som skal byggast hos Vard Langsten.
- Når Vard sin andel av dette (samla ordreinngang, red. merk) er på i underkant av ti milliardar kroner så illustrerer det at Vard-systemet har ein enorm kraft i seg, seier administrerande direktør Asle Strønen i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
Les også: Kystvakt-oppdrag i boks
Meir i vente
Så langt i år er det offentleg gjort oppdrag for like mykje som norske skipverft dro inn i heile 2016.
Les også: Skip for seks milliarder ikke hentet
Strønen seier han er blitt meir optimistisk på vegne av heile skipsbyggingsbransjen enn han var for eit halvt år sidan, og trur fleire enn Vard før påfyll i ordreboka.
- Vi er trygge på at det kjem inn mange både små og store prosjekt i løpet av hausten, seier Strønen.
Plass til meir
2016 blei magert for skipsverfta.
I fjor steig ordreinngangen til 15,5 milliardar kroner.
I år blir det meir, etter Strønen si vurdering, sjølv om han er tvilande til at verfta får inn like store oppdrag som i første halvår i år.
Publisert: 25.06.2018 11:37
Sist oppdatert: 10.09.2021 00:33