I fjor auka Endúr-konsernet inntektene med 40 prosent, og gjekk samstundes frå minus til pluss viser kvartalsrapporten per 4. kvartal,som vart offentleggjort i dag. (Sjå tabell lenger nede i artikkelen)
I dag varsla også selskapet om tre nye oppkjøp, som vil utgjere ytterlegare omlag ei dobling, ifølgje ei børsmelding.
Industri- og engineeringselskapet Endúr eig mellom anna Artec Aqua i Ålesund, som er spesialist på design og prosjekteringa av landbaserte oppdrettsanlegg. I år vil inntektene til Artec Aqua auke, frå oppdraget med bygge andre byggesteg av Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy. Artec Aqua hadde også oppdraget med første byggesteg.
Endúr ASA | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 2787,1 | 1978,1 |
Driftsresultat | 150,0 | 86,1 |
Resultat før skatt | 58,5 | -33,5 |
Endúr ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 775,1 | 528,3 |
Driftsresultat | 50,9 | 4,6 |
Resultat før skatt | 30,6 | -22,6 |
Blir medeigarar
Dei tre selskapa som no kjem inn under Endúr-paraplyen er Total Betong på Bryne på Jæren, Igang Totalentreprenør på Klepp på Jæren og anleggs-konsernet Habto Holding i Oslo.
Dei tre selskapa har i alt 320 tilsette og ein ordrereserver på tilsaman seks milliardar kroner ved inngangen til 2025. Verdsettinga i samband med kjøpet er tilsame 1,1 milliardar kroner.
Aksjonærane i dei tre selskapa for betalt dels i kontantar (470 millionar korner), dels i aksjar i Endur.
Det er same modell som då Artec Aqua-eigarane selde, og blei største einskildaksjonær i Endúr gjennom sitt felleseigde selskap Artec Holding.
Sel aksjar
Før kjøpet av dei tre selskapa er gjennomført eig Artec Holding 17,47 prosent i Endúr.
Som ein del av transaksjonen har Artec Holding avtalt å selje 527.778 aksjar til Kverva as til kurs 72 kroner, som utgjer 38 millionar kroner. Kverva er investeringsselskapet til Witzøe-familien, som også er stor aksjonær i oppdrettsselskapet Salmar. Kverva garanterer ogås for 250 millionar i ei kapitalutviding på minst 300 millionar kroner, som skal vere med ogå finansierer oppkjøpet.
Publisert: 10.02.2025 09:22
Sist oppdatert: 10.02.2025 09:31