Storkontrakt for Jets på fire cruiseskip
– Gir oss arbeid i fleire år, seier Ole-Christian Fotland om oppdraget dei frykta ville ryke grunna korona. Jets har ei rekke cruisejobbar i ordreboka.
Jets Vacuum har nyleg sikra seg kontrakt på levering av toalettsystem til fire luksusskip Fincantieri skal bygge for MSC Cruises.
– Desse cruisekontraktane har vi jobba med i fleire år, og vi har lurt på om dei ville bli noko av på grunn av Covid-19-situasjonen, fortel Ole-Christian Fotland, som leiar salsarbeidet til cruise- og ropax-marknadene, til NETT NO.
– Arbeid i fleire år framover
Nyleg kunne bedrifta med hovudbase i Hareid glede seg over ein stadfesting om at oppdraget låg fast, og at dei fire luksusskipa vil bli bygd. Jets opplyser ikkje verdien på avtalen, men Fotland stadfestar at dei gir betydeleg med arbeid.
– Dette gir oss arbeid i fleire år. Planen er at det byggast eit av desse skipa kvart år no framover, fortel han.
Dei nye skipa vil ha 500 luksuslugarar om bord og den første skal etter planen i drift i 2023.
– Solid ordreportefølje fram til 2025
Trass i at koronapandemien truleg har sett ein stopp for nye cruisekontraktar på ei stund, har Jets ei solid ordrebok med cruiseskip i åra som kjem. Konsernet hadde også eit rekordår i fjor både når det kom til omsetning og lønnsemd.
– Vi har ei rekke med cruisekontrakter, og har etter kvart ei solid ordreportefølje fram til 2025, fortel Fotland.
NETT NO omtala nyleg korleis mange cruiseleverandørar har gode ordrebøker framover, etter at det har vore rekordhøg kontrahering dei siste åra. Førebels er få av desse kontraktane kansellert.
Fleire enn 20 cruiseskip i ordreboka
Frå før har Jets eit større oppdrag på MSC World Class-skipa som er under bygging ved det franske Chantieres de l’Atlantique-verftet.
Dei har også levert toalettsystem til skipet Scarlet Lady for Virgin Voyages, som nyleg blei ferdig - og skal levere til tre nye skip i same klasse. Vidare har dei leveransar til fire Leonardo-klasse skip for NCL, to skip for Oceania, to for Silversea - i tillegg til fire nye til Viking Cruises og to til Princess Cruise.
Som om ikkje det var nok, leverer Jets også til to Icon Class-skip under bygging for RCCL på Meyer Turku-verftet i Finland og to Seabourn-skip under bygging på Mariotti-verftet i Italia.
Les også: Rekordår før koronabrems for Jets
Få cruisekontrakter er kansellert
Minst tre år før cruisemarkedet kommer tilbake
Vi har ei rekke med cruisekontrakter, og har etter kvart ei solid ordreportefølje fram til 2025
Publisert: 13.10.2020 13:31
Sist oppdatert: 02.06.2021 13:47