Storkontrakt i Russland
SUKSESS I RUSSLAND: Frode Håkon Kjølås, Peder Stette og Asbjørn Solevågseide under Nor Aqua-messa i fjor. Dei bygde opp dei tre selskapa som til saman utgjer Optimar-konsernet.
Nytt

Storkontrakt i Russland

Optimar skal levere fabrikkar for til saman i overkant av ein halv milliard kroner til åtte russiske fiskebåtar. 

17.12.2020

Russiske fiskebåtreiarlag er inne i ei omfattande fornying av flåten, og det åtte fiskefarty i dette nybyggingsprogrammet Optimar skal levere automatiserte fabrikkar til.

Storparten av fartya skal byggast i Russland. Det er eit vilkår for å få dei naudsynte konsesjonane frå russiske styresmakter, men utstyr kan kjøpast i utlandet, og det er det Optimar no har håva inn kontraktar på.

Dei åtte fabrikkane utgjer kontraktar på i overkant tilsaman 500 millionar kroner, i følgje Marianne Blø Dalseth i Optimar.

Fleire oppdrag
Den planlagde fornyinga av den russiske fiskeflåten har skapt store forventingar i utstyrsindustrien i Noreg.

Før jul i fjor offentleggjorde skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy at det skal designe fire linebåtar som skal byggast i Russland.

Les også: Russisk gjennombrot for Marin Teknikk

I oktober i fjor offentleggjorde designselskapet ein avtale om å teikne seks russiske farbrikktrålarar og i august kunne MMC fortelle om ein 100-millionarskontrakt på fryseanlegg til fire frysetrålarar.


Publisert: 17.12.2020 14:38

Sist oppdatert: 03.06.2021 10:11