Storkontrakt til Paneda
PÅSKEGÅVE: Geir Gjørsvik i Paneda kan starte påskeferien med nye storkontrakt i lomma.
Nytt

Storkontrakt til Paneda

Selje-bedrifta Paneda skal levere radiosamband til 49 tunnelar frå Buskerud til Vest-Agder. Ventar dobla driftsinntekter.

18.03.2016
Paneda DAB leverer radiosamband for DAB-radioar i tunnellar og har hatt god vekst dei siste åra.
I 2014 omsette selskapet for åtte millionar kroner, og dobla omsetninga i 2015 i følgje medeigar og dagleg leiar Geir Gjørsvik.

Slår av FM-nettet

Oppdraget med Staten Vegvesen heng saman med at FM-nettet blir stengt i 2017. Før det skal tunellane i Noreg få på plass sambandsutstyr slik at bilistane kan høyre DAB-radio i tunnelen.
Det sambandsutstyret har Paneda DAB i Selje spesialisert seg på å lage og montere.
L

Skiftar i Oslo

Paneda DAB er i ferd med å gjere seg ferdig med å montere DAB-utstyr i rundt 20 tunnellar i Oslo, og vil starte på det nye oppdraget til sommaren.
, på heimebane i Sogn og Fjordane og i nabofylket Hordaland.
Etter å ha sikra seg oppdraget med på skifte utstyr i dei fem fylka frå og med Buskerud til og med Vest-Agder, har selskapet likevel så mykje å gjere at Gjørsvik trur omsetninga vil doble seg også i år.
Neste storkontrakt det skal kjempast om er tunnelane i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Publisert: 18.03.2016 15:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54