Storsatsing paa flytekaier og flytemoloar
DOKK: Dagleg leiar Asbjørn Tronstad ved Ulstein Betong Marine merkar stor etterspørsel av flytande betongkonstruksjonar. Han har stor tru på satsinga på eiga dokk til produksjon av flytekaier og flytemoloar, ei dokk som vert bygt rundt ei stor stålramme produsert av Kleven Verft.
Nytt

Storsatsing på flytekaier og flytemoloar

Haddal-bedrift merkar stor etterspørsel etter flytekaier og flytemoloar i betong, byggjer ny dokk og gir arbeid til Kleven Verft.

04.01.2019
Kleven Verft skal byggje ein 65 meter lang, 17 meter brei og 6 meter høg «stålkasse» til Ulstein Betong Marine.
Den store stålkassa skal brukast i samband med at Haddal-selskapet skal byggje ei ny dokk for produksjon av store flytemoloar og flytekaier.
- Vi ser aukande etterspørsel etter både flytemoloar og flytekaier, og treng ei eiga dokk for slik produksjon.

Ørsta-samarbeid

Det seier dagleg leiar Asbjørn Tronstad ved Ulstein Betong Marine.
Selskapet har i dag eiga tørrdokk på rundt 98 meter lengde og 23 meter breidde der ein til no har bygt både fórflåter for havbruksnæringa, flytemoloar og større flytekaier.
- For å auke effektiviteten og produksjonskapasiteten har vi no behov for å skilje produksjonen av store fôrflåter og flytekaier- og moloar, seier Tronstad.
Flytemolane og størstedelen av flytekaiene vert produserte i nært samarbeid med Ørsta-firmaet Marina Solutions.

Flytemolar med 'naust'

Tronstad seier at det kjem stadige forespørslar om bygging av flytemoloar til småbåthamner, men også om bygging av flytekaier til offentlege prosjekt.
- Flytande betongkonstruksjonar er noko vi har stor tru på framover.
- Spesielt er det stor interesse knytt til flytemoloane med svært god bølgjedempande effekt for å verne båthamner, men som samstundes også har lagerrom innvendig i skroget.
Han seier at i desse lagerroma kan den enkelte båteigar oppbevare utstyr like ved båten.
- Dette fungerer på mange måtar som eit naust.

Storplanar i Ålesund

Tronstad seier at bruksområda for flytekaier er svært store og det er berre fantasien som set grenser.
- Som eit døme på dette føreligg det planar om å etablere ei promenadekai i 800 meter lengde frå Skotholmen til Meierikaia i Ålesund.
- Det føreligg også planar i Horten om å etablere eit anlegg for 30 flytande bustader, og eg trur at vi berre har sett starten på ein vekstmarknad.

Flyttar produksjonen

Bygginga av den nye dokka for produksjon av flytekaier/flytemoloar er kostnadsrekna til 30 millionar kroner og er planlagt ferdig til 1. september i år. Det første prosjektet står allereie og ventar, opplyser Tronstad.
I samband med utbygginga av dokka, skal også resten av produksjonen for Ulstein Betong Marine flyttast frå den eksisterande påbyggingskaia til den nye kaia som vart bygd for eit par sidan..
- Vi skal byggje eit nytt lager på 800 kvadratmeter, i tillegg til dei nødvendige fasilitetane for våre tilsette.
- Dette er ei storsatsing frå vår side, seier Tronstad.
Spesielt er det stor interesse knytt til flytemoloane med svært god bølgjedempande effekt for å verne båthamner

Publisert: 04.01.2019 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30