Kenneth løken Frank Maråk geiranger Bryggerig foto Ogne 2022 05 27 062010 btrc 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GEIRANGER: Frank Maråk (t.h.) er dagleg leiar og hovudaksjonær i Geiranger Bryggeri, her saman med medeigar og medgrunnleggar Kennet Løken. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stort løft for Geiranger Bryggeri

Utvidar bygget og får nytt bryggesystem på plass i mars.

01.03.2023

- Vi har gått frå det simplaste kinesiske bryggesystemet til det mest avanserte tyske. Dette er nærmast fullautomatisert, som gjer at vi halverer arbeidsmengda når vi skal brygge eit øl.

Det seier dagleg leiar Frank Maråk i Geiranger Bryggeri.

Mange ølmerke
Selskapet satsar friskt vidare og har finansiert nysatsinga i stor grad gjennom aksjekapitalauke og privat lån.

Geiranger Bryggeri har ei rekke ølmerke som Friaren, Vikingstøa, Bølga, Helvetesjølet og Sju Søstre.

No skal produksjonen effektiviserast, og målet er auka sal og auka sysselsetjing.

I fjor vart det seld øl for 2,2 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 0,3 millionar.

Dårleg juli
- Eit år på det jamne. Vi fekk ein dårleg juli på grunn av skitvêr, seier Maråk.

Han eig 58,62 prosent av selskapet. Jakob Torp Årset eig 20,69 prosent og Karl Mjelva, Stian Peter Merok og Kenneth Skarbø Løken eig kvar 6,9 prosent.

Geiranger Bryggeri har 2,6 millionar kroner i eigenkapital og 2,0 millionar i langsiktig gjeld.

Geiranger Bryggeri
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 2,2 2,1
Driftsresultat 0,3 0,4
Resultat før skatt 0,3 0,4

Publisert: 01.03.2023 08:42

Sist oppdatert: 01.03.2023 08:43

Mer om