Stranda ber om overgangsreglar for cruiseskip
FRYKTAR STORE TAP: Stranda og Geirangersamfunnet vil tape om ikkje dei nye utsleppsreglane for cruiseskip ikkje blir utsett, meiner Strandaordfører Jan Ove Tryggestad. 
Nytt

Stranda ber om overgangsreglar for cruiseskip

Stranda og Aurland fryktar det blir full stopp i cruisetrafikken inn i fjordane frå 2026. Ber om at strengare miljøkrav blir utsett.

28.01.2019
Sjøfartsdirektoratet har foreslått strengare reglar for verdsarvfjordane. I tillegg gjorde Stortinget i fjor eit vedtak om nullutslepp i dei mest populære turistfjordane frå 2026.
Stortingsvedtaket vil føre til at det ikkje kjem eit einaste cruiseskip inn i Geirangerfjorden og til Flåm frå 2026. Det trur Aurland og Stranda, som begge har populære turistfjorda med verdsarvstatus. Grunnen er at teknologien som må til for å oppfylle kravet ikkje er på plass, meiner dei.
Det kom fram då Stranda og Aurland, saman med sine hamneselskap, møtte stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal på Atlanterhavsparken i Ålesund i dag.

Vil ha nasjonale krav

Stranda og Aurland vil primært ha nasjonale krav til cruisetrafikken, fordi kommunane fryktar trafikken ellers blir flytta til andre fjordar - og at inntektene som følgje med cruisetrafikken forsvinn frå dei to kommunane.
Strandaordførar Jan Ove Tryggestad ber og om meir tid for på oppfylle Stortingsvedtaket, kombinert med konkrete krav til cruise-bransjen.
Dersom reiarlaga forpliktar seg til å bygge skip som kan tilfredsstille utsleppkrava innan 2030 bør dei får overgangsordingar som gjer det det lov å halde fram med eksisterande skip også etter 2016, seier Tryggestad.
Både Helge Orten (H) og Fredric Holen Bjørdal (Ap) var imøtekomande til innvendingane frå Stranda og Aurland og opna for å revurdere tidspunkt for innføring av reglane.

Publisert: 28.01.2019 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30