NTB 1x Cr Ft Om RNM
DYR STRAUM: Røldal Kraftverk produserer store mengder elektrisitet, men hytteorganisasjonane meiner det er til lita nytte for deira medlemer. Foto: David Aasen Sandved.
Nytt

Straum-klage frå hytteeigarar

Meiner situasjonen rundt straumprisen er alarmerande.

NPK
01.06.2022

NPK: Dei to organisasjonane Norges Hytteforbund og Norsk Hyttelag går no ut med ei felles åtvaring, der dei også krev at hytteeigarar må bli omfatta av straumstøtteordninga.

– Dette handlar om at hytteeigarar er vanlege folk som også betalar rekningar. Straumsjokket blir ikkje mindre av at folk har hytte, snarare tvert imot, seier styreleiar Trond Hagen i Nores Hytteforbund.

Enda meir alvorleg
– Det som gjer situasjonen endå meir alvorleg, er at dei varige høge straumprisane held fram samstundes som den nye modellen for nettleige blir innført. Og dei nye prisane for nettleige kjem til å ramme hytteeigarar spesielt hardt, seier generalsekretær Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag.

Dei to organisasjonane peikar på at staten har enorme inntekter som følgje av dei høge prisane både på elektrisitet og olje, og at litt av desse inntektene går til å kompensere husstandane for auka kostnader. Dei som var villa eller leilegheit får støtte, også dei som har utleigeleilegheiter på Aker Brygge. Dei som har Tesla eller elektrisk Porsche får også støtte.

Undrande til utanlandskablar
– Men om du skulle vere så heldig å ha ei hytte, fortener du tydelegvis ikkje ei krone. Forstå det dei som kan, heiter det i ei felles fråsegn frå dei to organisasjonane.

Trond Hagen synest er det er rart at regjeringa bygg overføringskablar til utlandet, men ikkje bygg overføringskapasitet mellom landsdelane Og dei sender rekninga til oss hytteeigarar, meiner han.

Publisert: 01.06.2022 10:38

Sist oppdatert: 01.06.2022 11:39

Mer om