Stress for Stressless
Nytt kvartal med inntekstfall. Startar 2024 med tresifra millionunderskot.
Stresslessmøblane stor for 75 prosent av inntektene til møbelkonsernet i 1. kvartal år. Dessverre for selskapet var Stressless også det varemerket som hadde den største inntektsnedgangen i første kvartal.
Samla sette fall inntektene med 14 prosent frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år (sjå tabell), medan inntektene frå Stresslessmøblane fall 19 prosent i same periode.
Det neste største varemerket IMG- som er møblar i ein litt rimelegare prisklasse - auka inntektene med 10 prosent i same tidsperiode og utgjorde 19 prosent av dei samla driftsinntektene i kvartalet.
For madrassmerket Svane, som står for resten avinntektene, fall inntektene med 16 prosent.
Ekornes QM Holding as | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 973,4 | 1134,6 |
Driftsresultat | -39,9 | -31,1 |
Resultat før skatt | -101,8 | -75,5 |
Investeringsbrems
Ekornes starta 2024 med varsel om permitteringa i Sykkylven og på Grodås og varsla nyleg at berre ein del av dei permitterte blir henta tilbake i denne omgang.
Ut over året trur Ekones på ein gradvis auka aktivitet utover i år, men har likevel sett investeringar på vent mellombles for å sikre at selskapet har nok pengar i kassa.
Krympa ordrereserve
Ordrereserven er 563 millionar kroner ved utløpet av første kvartal 2024. Det er ned 30 prosent samanlikna med 1. kvartal 2023. Ordreinngangen i kvartalet var 1,1 milliardar kroner, ti prosent mindre enn i første kvartal 2024.
I høve til fjerde kvartal i fjor steig ordrereserven 20 prosent.
Publisert: 29.04.2024 11:47
Sist oppdatert: 29.04.2024 12:36