Stressless staar stille
TEK TID: Ei rekkje nye modellar har førebels ikkje slått ut i større sal av Stressless-møblar for konsernsjef Olav Holst-Dyrnes.
Nytt

Stressless står stille

Ekornes produserer færre stressless-sitteplassar no enn for to år sidan.

10.06.2016
I 2014 laga Ekornes i gjennomsnitt 1736 Stressless-sitteplassar (stolar og sofaer) pr. dag. Gjennom heile 2015 låg gjennomsnittet under 1700 sitteplassar dagleg, og i første kvartal 2016 var produksjonen 1653 sitteplassar dagleg.
- Det fortel at alle tiltaka vi har sett i gang ikkje har gitt effekt, førebels, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes.

Nye modellar

Stagnasjonen i veksten kjem trass i at Ekornes både i 2014 og 2015 lanserte ei rekkje nye modellar.
Det er stressless-møblane som er hovudprodukta frå Ekornes, og det er auke i salet der som først og fremst avgjer om selskapet greier å løfte seg til ny vekst.

Holst-Dyrnes seier selskapet ikkje har mista trua på dei nye modellane, men vil ikkje tidfeste når dei kjem til å slå ut i auka samla sal av Stressless-møblar. Ingen av nylanseringane er tekne ut av produksjon, og nokre av modellane sel også svært godt. Stressless You-modellane, som blir selde og presentert i ei eiga avdeling butikkane, blir det og satsa vidare på, med berre mindre justeringar.

Omstilling i starten

- Jobben er knapt nok begynt, sa Holst-Dyrnes då han snakka om omstillinga av Ekorneskonsernet på Næringsdriv-konferansen i Ålesund i dag.
Ekorneskonsernet har ikkje hatt ein underliggande vekst på ti år, veksten i driftsinntekter undervegs skuldast i hovudsak oppkjøp og valutaeffektar, sa Dyrnes.
Selskapet var i full gang med produktutvikling då Holst-Dyrnes kom inn som ny toppsjef for knappe to år sidan.
Auka takt i produktutvikling og lansering av nye modellar er eitt av tiltakene for å øke vekst og lønnsomheten, samman med et kostnadskutt som skal gi 150 millioner kroner i lavare årlege kostnadar. Kostnadskuttene skal gi utslag frå og med i år.

Publisert: 10.06.2016 11:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57